Varden

Honnør til Sjukehuset Telemark

-

Eit fall på Valebjørgs­hejia i Fyresdal og vakne legar på Sjukehuset Telemark gjorde at eg får tidleg behandling av lungekreft.

Islutten av juni kom vi på hytta vår i Valebjørgs­heia i Fyresdal, min mann og eg. Etter nokre få dagar stod eg og riste matte på ein noko høg stein utanfor hytta. Ved eit reint uhell ramla eg bakover, og slo den hofta mi som har protese.

Eg trudde protesa var skadd. Det lokale legekontor­et sendte meg straks med drosje til sjukehuset i Skien.

Då eg kom dit etter eit par timars køyretur, kom eg i røntgen, og denne avdelinga hadde fått beskjed av legane som tok imot meg om å ta bilete av brystet i tillegg til hofta.

Det viste seg seinare at dette vart gjort av di dei hadde lest epikrisa mi frå St. Olavs sjukehus i Trondheim om at dei for tre år sidan hadde sett byrjing til fortetning­ar på lungene mine, men at desse seinare var borte.

Då bileta var ferdige og studert, synte det seg at hofteprote­sa var uskadd, men at eg hadde fleire fortetning­ar i lungene. Eg måtte raskt kome meg til lokalt sjukehus der eg bur. Skriftleg melding vart sendt Åse sjukehus i Ålesund, som konstatert­e det same. Spredning av kreft frå tidlegare og ferdigbeha­ndla underlivsk­reft.

Eg har no starta på cellegiftb­ehandning ved Åse sjukehus i samråd med St. Olav sjukehus, og vonar det beste. Behandling­a har kome i gang av di legane ved sjukehuset i Skien var så omtenksame at dei las mine epikriser frå St. Olav, og difor ba om nye bilete av brystet. Utan denne undersøkin­ga der, ville lungekreft­a utvikla seg vidare til det kanskje ikkje var mogleg å behandle. Eg sender sjukehuset i Skien og legane der min store takk!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway