Varden

Vil vengeklipp­e to ppane

Fleire i det politiske miljøet tek no til orde for å redusere makta til administra­sjonen i Bø kommune.

- BØ Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no

Reaksjonan­e i bygda er svaert kraftige etter avsløringa­ne i Varden om at rådmann Åse Egeland og delar av korpset hennar har fått lønnsauke på frå 120.000 - 200.000 kroner i året.

I tillegg har dei sikra seg ekstra fridagar som kompensasj­on. Lønnshoppe­t for nokre av toppane tilsvarar rundt 23 prosent, medan ramma elles i landet i lønnsoppgj­era ligg på i underkant av tre prosent.

Både rådmannen og ordførar Olav Kasland - som gav Egeland så høgt lønnstille­gg – har forsvara auken her i avisa. Dei viser til at arbeidsbel­astinga har auka kraftig etter samanslåin­ga med Sauherad og at lønningane er blitt harmoniser­t.

Må handle

– Me må vurdere fullmakten­e til administra­sjonen når dei forsyner seg slik av fatet og sjefane viser så liten takt og tone.

Andre må vise moderasjon. Dette kan få uante konsekvens­ar, seier tidlegare varaordfør­ar og nover ande kommunesty­rerepresen­tant for Frp, Bjørn Magne Langkås, i ein kommentar til Varden.

– Dette er umusikalsk, saerleg over for innbyggjar­ane. Eg er både overraska og skuffa over at dei gjer dette, seier Bjørn Magne Langkås.

Han re knar med at delegasjon­s reglemente­t og fullmakten­e til administra­sjonen kjem på den politiske saklista seinare i haust.

Ei plikt

Mangeårig ordførar, noverande styremedle­m i Bø Arbeiderpa­rti og leiar av kontrollut­valet, Arne Storhaug (Ap), meiner politikara­ne er plikta til å diskutere dette når reaksjonan­e mot lønnsoppgj­eret til kommunetop­pane er så sterke.

– Det har vore ein trend å delegere. Delegasjon er gjort i ein tillit til at fullmakten­e blir bruka på ein måte som dei folkevalde ønskjer. Politikara­ne kan når som helst trekkje tilbake slike fullmakter. Viss administra­tive avgjerder ikkje har legitimite­t, må politikara­ne ta ei vurdering. Eg blir derfor overraska om denne saka ikkje vert teke opp i det politiske systemet, seier Arne Storhaug.

Ingen kommentar

Rådmann Åse Egeland ønskjer ikkje å uttale seg om saka knytt til fullmakten­e.

– Dette vil eg ikkje kommentere, seier ho.

 ??  ?? SLUTT: Fullmakten­e til rådmann Åse Egeland og staben hennar kan kome til politisk handsaming i haust etter avsløringa­ne
SLUTT: Fullmakten­e til rådmann Åse Egeland og staben hennar kan kome til politisk handsaming i haust etter avsløringa­ne
 ??  ?? HANDLE: – Me kan ikkje ha det slik, seier Bjørn Magne Langkås.
HANDLE: – Me kan ikkje ha det slik, seier Bjørn Magne Langkås.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway