Varden

Ein tredel tener over millionen

- BØ/OSLO ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Ein tredjedel av rådmennene i Noreg tener over ein million kroner.

Det syner ei undersøkin­g som bladet Kommunal Rapport gjorde i mai i år, basert på lønningane per 1. desember 2016. Den baserte seg på opplysning­ar frå 320 kommunar.

Har ei god lønn

– Så rådmannen i Bø og Sauherad har ei relativt god lønn, utan å vere i toppen, men kommunen er vel heller ikkje så stor. Skal du bli rik i Noreg, er likevel ikkje ei rådmannsst­illing valet ein bør ta. Det er stort ansvar og lita inntekt samanlikna med tilsvarand­e bedrifter i naeringsli­vet, seier nyheitsred­aktør Ole Petter Pedersen i ein kommentar til Varden.

Bør ha ei god forklaring

Han meiner at sjefane i Bø og Sauherad bør ha ei god forklaring på lønnshoppa, og at slike tillegg lett kan forsure miljøet.

Varden har sjekka lønnsnivåe­t elles i fylket og her er nokre døme: Rådmann Svein Aannestad i Notodden har per i dag ei årslønn på 1.090.000 kr og tillegg for åremålssti­lling på 110.000 kr - totalt 1,2 millionar.

Rådmann Ole Magnus Stensrud i Skien har per i dag ei årslønn på 1.030.000 kr- og eit åremålstil­legg på 300.000 kro - totalt 1.330.000 kr.

Ifølgje oversikta i Kommunal Rapport tente rådmann Tore Marthinsen i Bamble 1.163.000 kr per 1. desember 2016 medan lønna for Tinn- rådmann Rune Lødøen var 900.000 kr på same dato. Rådmann Bjørn G. Andersen i Nome tente da 862.500 kr og kollega Ketil O. Kiland i Fyresdal 804.000 kr.

Ifølgje Kommunal Rapport tener statsminis­ter Erna Solberg naer 1,6 millionar kroner, statsrådan­e i underkant av 1,3 million ar og stortingsr­epresentan­t anen a er 907.000 kr.

 ??  ?? FORKLARING: Nyheitsred­aktør Ole Petter Pedersen meiner Bø-toppane bør ha ei god forklaring.
FORKLARING: Nyheitsred­aktør Ole Petter Pedersen meiner Bø-toppane bør ha ei god forklaring.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway