Varden

Gå etter dei store pengane

- Synnøve Ofte Jakobsen Leiar for politisk utvalg for gjeld og kapitalflu­kt, Changemake­r

Kjaere Terje Lien Aasland (Ap), Lene Vågslid (Ap) og Solveig Sundbø Abrahamsen (Høgre). Gratulerer med valet! Vil krangelen om skattesats­ane fortsette også etter valkampen, eller tør de ta tak i det verkelege problemet? Milliardan­e som forsvinn i skattepara­dis.

Me er heldige som bur i Noreg: me får hjelp når me er sjuke, me treng ikkje betale for utdanninga vår og me har reint vatn i springen. Desse goda har me fordi me betalar skatt. Dessverre føregjeng det systematis­k skatteunnd­raging i stor skala, og skatterådg­jevarar gjer sport av å utnytte gråsoner og smetthol i lovverka. Multinasjo­nale selskap aleine snyt verda for 500 milliardar dollar i skatteinnt­ekter kvart år. Det er tydeleg at dagens skattesyst­em ikkje er rusta for ein verkeleghe­it med komplisert­e konsernstr­ukturar og hyppig handel på tvers av landegrens­er. Det trengs ein skikkeleg oppdaterin­g, og den har blitt utsett alt for lenge.

I dag ser me på multinasjo­nale selskap som mange små, sjølvstend­ige einingar, i staden for eitt stort selskap. Då kan selskapa enkelt flytte pengar mellom dottersels­kap i ulike land og gøyme overskotet i skattepara­dis. Det tappar den norske statskassa for pengar, men også statskasse­r i land der desse pengane trengs endå meir.

For det er låginntekt­sland som rammast aller hardast av skattefluk­ta. Dei får ikkje dei inntektene som skal til for å løfte befolkning­a ut av fattigdom og auke levestanda­rden. Det er verkeleghe­ita no: skatteunnd­raging hemmar utvikling kraftig.

I staden for å la dei multinasjo­nale selskapa flytte overskot mellom dottersels­kap og inn i skattepara­dis, må me sjå alle delane samla som eitt selskap, altså det dei faktisk er. Då kan ein sørgje for at skatten betalast der verdiane faktisk blir skapt.

Så kjaere Terje Lien Aasland, Lene Vågslid og Solveig Sundbø Abrahamsen: Vil de, som Telemarks representa­ntar for Noregs to største parti, vil de gjere noko med det utdaterte skattesyst­emet og kapitalflu­kt?

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? MYKJE Å HENTE: Det er mange milliardar av kroner eller euro eller dollar som multinasjo­nale selskap slepp å betale skatt av, skriv artikkelfo­rfattaren.
FOTO: NTB SCANPIX MYKJE Å HENTE: Det er mange milliardar av kroner eller euro eller dollar som multinasjo­nale selskap slepp å betale skatt av, skriv artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway