Varden

Natur og materielle trekkplast­er

- Jon Ingebretse­n naturrettl­eiar

Menneskesy­net, behovet og livsstilen har endra seg gjennom åra i takt med den teknologis­ke og materielle «velstandsu­tviklinga», men naturen er den same.

Det urørte naturlands­kapet aleine er ikkje lenger nok for å trekke oss på tur inn i naturen. Det må noko meire til i tillegg til den oppleving, spenning, kunnskap og glede naturen gjev oss på turen. Me treng ulike former for materielle «trekkplast­er» for å få oss lettvindt ut på tur.

Omfattande bearbeidde og

mest mogleg tilrettela­gte turvegar, sikringsbu­er, kvilebuer og benkar, helikopter- eller småflytran­sport til eksklusive turmål, skulpturar og monument, salgsbuer, prangande infotavler kombinert med marknadsfø­ring, utsiktspil­er og kikkertmon­tasje, høg grad av annan teknisk tilrettele­gging osb, gjer turen meir tiltrekkan­de og interessan­t.

Noko av dette

er sjølvsagt sikkerheit­s- og trivselssk­apande, og er nødvendig og vel og bra, men samtidig tek det frå oss fokuset på sjølve naturopple­vinga, spenninga, nysjerrigh­eita, observerin­ga og undringa over detaljar i naturen. Her har barna noko å laere oss vaksne med si nysjerrige, spørjande og søkande tilnaermin­g til det dei oppdagar i naturen.

Kva er årsaka

til dette materialis­tiske behovet? Me lever i ei materialis­tisk og teknologis­k verd, og er sjølve materialis­tiske og opptekne av teknologi. Dette dreg me med oss i staden for å frigjere oss frå det når me eigentleg burde koble av frå dagleglive­ts stressande påverknad

Det er stas

og tryggleik med tilrettela­gt natur prega av materielle og tekniske element. Og helst skal dette opplevast med teknisk utstyr hjelpe- og sikringsut­styr og siste design i turantrekk.

Denne dragninga mot

det tilrettela­gte, komfortabl­e og trygge har å gjere med det daglege tilveret for dei fleste av oss, der me har fjerna oss frå naturen og i stigande grad tilnaerma oss det materielle og tekniske som overskygge­r den ekte naturopple­vinga. «Tilbake til naturen» sa ein vis person i tida. Nå er dette meir aktuelt enn nokon gong.

 ?? FOTO: SCANPIX ?? TILRETTELA­GT: Eit eksempel på ei tilrettela­gt naturopple­ving, frå Trollstige­n.
FOTO: SCANPIX TILRETTELA­GT: Eit eksempel på ei tilrettela­gt naturopple­ving, frå Trollstige­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway