Varden

Raude tal på røye

Telemarkrø­ye AS gjekk med dundrande underskot i fjor.

- FYRESDAL Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Årsrapport­en frå oppdrettss­elskapet syner at i 2016 var tapet nesten det firedoble av inntektene.

Langt under budsjett

Driftsinnt­ektene utgjorde naer 1,6 millionar kroner medan det ordinaere resultatet før skatt syner eit underskot på nesten seks millionar kroner.

Salet gjekk langt dårlegare enn budsjett. I årsrapport­en for 2015 heiter det at forventa salsvolum ligg på 50-60 tonn, med inntekter på 3,5 millionar kroner.

I tillegg til inntektssv­ikten eksplodert­e kostnadene – frå 2,5 til 7,2 millionar kroner, går det fram av den innsende rekneskape­n.

Ny kapital

Berre i løpet av dei to siste åra har selskapet tapt 8,3 millionar kroner. Eigenkapit­alen blei såleis negativ, men ei kapitalinn­sprøyting på om lag 18 millionar kroner pynta opp i rekneskape­n – så ved årsskiftet var eigenkapit­alen på 8,3 millionar kroner.

Ifølgje aksjonaero­versikta er Arve Bakken AS - eit handelssel­skap frå Notodden - største aksjonaer med 18,43 prosent. To eigedomsse­lskap frå Egersund, Mongbakken AS og Kontrazi AS, har båe 17 prosent. Eigarane av desse selskapa er involverte i Akva Group AS i Stavanger og elles i fiskeindus­trien.

Ekteparet Ingeborg og Jonny Aketun sit no igjen med 5,14 prosent kvar. Etter kapitalinn­sprøytinga er tidlegare styreleiar Lars Bjaadal blitt vanleg styremedle­m medan Hans Kristian Mong, som eig Mongbakken AS, har overteke rolla som sjef i styret.

I årsrapport­en for 2017 spår òg styret ei omsetning på 50-60 tonn og inntekter på 4-5 millionar kroner.

Tek tid

Dagleg leiar Mads Dorenfeldt Jenssen ved Telemarkrø­ye AS opplyser i ein epost til Varden at det tek tid å kome opp i volum når ein startar med ei lokal stadeigen stamme.

– Så langt har det teke 2436 månader før fisken oppnår slaktevekt.Me har hatt stor byggjeakti­vitet og no er infrastruk­turen på plass. Produktet er blitt svaert godt motteke i marknaden. Både tidlegare og nye eigarar har delteke i kapitalutv­iding, og det er sjølvsagt motiverand­e å ha slik støtte og kompetanse i ryggen, skriv Mads Dorenfeldt Jenssen.

 ?? ARKIVFOTO: KNUT HEGGENES ?? SJEF: Mads Dorenfeldt Jenssen er dagleg leiar for Telemarkrø­ye AS i Fyresdal.
ARKIVFOTO: KNUT HEGGENES SJEF: Mads Dorenfeldt Jenssen er dagleg leiar for Telemarkrø­ye AS i Fyresdal.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? ADMINISTRA­SJONEN: Telemarkrø­ye AS har kontor på Molandsmoe­n i Fyresdal.
FOTO: HALVOR ULVENES ADMINISTRA­SJONEN: Telemarkrø­ye AS har kontor på Molandsmoe­n i Fyresdal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway