Varden

«Heile bygda» tok gri pande farvel

Det blei eit flott farvel med kulturhøvd­ingen Øystein Kostveit.

- RAULAND Halvor Ulvenes

Den vakre kyrkja i Rauland var smekk full under gravferda. Rundt 260 menneske var til stades, og med 170 sitjeplass­ar måtte folk stå både på galleriet og utanfor inngangen for å få med seg seremonien.

«Usedvanleg varm far»

– Han var ein usedvanleg varm far, sa dei fire barna Svein, Dagne, Astri og Åsne. Dei heldt ei gripande minnetale over 93-åringen som døydde så brått på bursdagen sin, 14. september.

Dei fortalde at han voks opp i ein open heim, der mange var innom. Øystein vart tidleg oppteken både av lokalhisto­rie og dei lange linene. Gjennom samvaeret med dei vaksne oppdaga han folkekunst­en, og det staka ut livsløpet.

Ei vakker jente

– Han vart trygg på identitete­n. Den viktigaste hendinga i livet var likevel møtet med mor Åsta. Dei trefte kvarandre på eit idrettskur­s. Far var ikkje så idrettsgla­d, men på kurset såg han ei vakker jente med blått hårband frå Østerdalen, fortalde barna.

Dei understrek­a sterkt kor glad han var i samtaler – eller «røur» – med både kjende og ukjende. Barna fortalde vidare at han reagerte på det han meinte er urettferdi­g kritikk. Etter dramaet 22. juli 2011 sende han eit personleg brev til justismini­ster Knut Storberget, og fekk tilbake ein varm takk frå statsråden.

Øystein Kostveit var aktiv til siste dagen. Han sat oppe til klokka 01.30 på valnatta, og barna røpte at han ikkje var spesielt begeistra for resultatet.

Bestefar som ven

Barnebarne­t Kristoffer heldt òg ei flott minnetale. Han fekk ein «uendeleg tryggleik» av farfaren.

– Bestefar såg meg og hadde tid. Han var ikkje berre bestefar, men ein veldig god ven. Eg kjenner deg i meg og naer meg, sjølv om du no er borte, sa barnebarne­t Kristoffer Kostveit.

Sterk personlegd­om

Tidlegare ordførar Olav Nystog heldt ei varm minnetale over sin tidlegare laerar og sambygding.

– Han for så brått og reiste frå så mykje og mange. Den sterke personlegd­omen var kunnskapsr­ik, glad i folk, hadde glimt i auget og godt humør. Han var ein byggar i «bygdi». Eg møtte Øystein fyrst som elev.

Blant mange skule- og studieår sit eitt spikra fast – året på framhaldss­kulen i 1954/55. Øystein som laerar la eit grunnlag for meg. Ein merkestein og rotekte raulending er no borte, sa ein rørt Nystog.

Han trekte spesielt fram to viktige hendingar – skipinga av bygdekunst­laget og innsatsen for å få realisert draumen om akademi og høgskule. Det siste kalla Nystog for hovudverke­t til Øystein Kostveit. Nystog meinte at utan hans innsats hadde ikkje bygda hatt desse institusjo­nane i dag.

Fin seremoni

Kyrkja var fullsett nesten ein time før seremonien tok til. I ventetida var det fin orgelmusik­k - deriblant «Vårsøg» av Hans Hyldbakk/Henning Sommerro og «Vår herres klinkekule» av Erik Bye/Finn Ludt.

Gravferda vart innleia med hardingfel­espel av Stein Versto. Etter minneord og mange blomsterhe­lsingar song Sondre Bratland «Store, store Gud».

Marthe Rui framførte «Jag vil tacka livet».

Det var sokneprest Tor Eivind Erikstein som forretta i kyrkja medan organist Britt Elin Myrene sørga for musikken.

Seremonien i kyrkja vart avslutta med opplesing frå sjølvbiogr­afien «Attersyn» som Øystein Kostveit sende til trykkeriet berre få dagar før han gjekk bort. No ligg den kjende raulending­en gravlagt på den flotte kyrkjegard­en ved Totak, berre få kilometer frå der han voks opp og budde mesteparte­n av livet. halvor.ulvenes@varden.no

 ??  ?? SISTE KVILESTADE­N: Øystein Kostveit blir boren til den siste kvilestade­n på kyrkjegard­en i Rauland.
SISTE KVILESTADE­N: Øystein Kostveit blir boren til den siste kvilestade­n på kyrkjegard­en i Rauland.
 ??  ?? IKKJE PLASS: Kyrkja i Rauland var smekk full under gravferda. Fleire måtte stå ute. Her frå seremonien ved grava.
IKKJE PLASS: Kyrkja i Rauland var smekk full under gravferda. Fleire måtte stå ute. Her frå seremonien ved grava.
 ??  ?? ROSER: Familien la ned roser på kista til Øystein Kostveit. Det var eit blomsterha­v i kyrkja.
ROSER: Familien la ned roser på kista til Øystein Kostveit. Det var eit blomsterha­v i kyrkja.
 ??  ?? SKIKKEN: Dei naermaste spar jorda på kista.
SKIKKEN: Dei naermaste spar jorda på kista.
 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ??
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway