Varden

Båten som revolus jonerte trafikken

«Den kvite svane» på Seljordsva­tnet revolusjon­erte trafikken i øvre Telemark.

- SELJORD

Båten «Fjøllguten» gjorde det også langt lettare for folk i Grenland å kome seg vestover i fylket.

Midt på 1800-talet var ikkje dagens riksveg 36 langs Seljordsva­tnet påtenkt (Manheimstr­ondi), og på vestsida av vatnet var dei stupbratte bakkane ved Telnes pluss mange andre stigningar.

Desse bakkane skal nesten ha teke knekken på hestar som gjekk i varekøyrin­g frå Bø til Seljord.

Gjekk konkurs

Det høyrer med at bakkane blei lagt om i 1921. Kommunen fekk eit rentefritt lån på 84.000 kroner i Seljord Sparebank. Det førte til betre veg, men var truleg årsaka til at finansinst­itusjonen gjekk over ende i 1929.

Den fyrste stimbåten på Seljordsva­tnet var «Snarken», som skal ha vore eigd av nokre bøheringar med Tor Otterholt i spissen. Båten gjekk på ved og kol, og det er og fortalt at han vart fyra med konglar. Båten hadde ikkje den store kapasitete­n, og dermed kom etter kvart «Fjøllguten» på vatnet.

Viktig dag for Telemark

Onsdag 16. desember 1874 blei på fleire vis ein historisk og viktig dag for heile Telemark. Denne kvelden sat karane frå «Den røde bule» i Skien og produserte det aller fyrste eksemplare­t av Varden, som var på gata neste føremiddag.

Nokre mil unna sat sakførar Walløe, Leiv E. Bjørge, Jørund Telnaes, lensmann Grave og landhandla­r O.A. Olsen og gjennomfør­te den fyrste ordinaere generalfor­samlinga i «Fjøllguten». Generalfor­samlinga vart halde på Ulveneset.

Denne staden, som ligg i austenden av vatnet, hadde brygge og var endepunkte­t for båttrafikk­en til og frå Seljord. Båten hadde blant anna stopp ved Sannes brygge på Garvik, der det var landhandel, postopneri og frå 1895 telefon.

Vegen frå enden av Seljordsva­tnet gjekk vidare til Bø og Årnes Brygge, fyrst med hest, sidan bil. Frå Årnes gjekk ferda med båt over Norsjø til Skien.

To år seinare

I 1874 blei det sett mål om å skaffe seg båt to år seinare. Den draumen blei oppfylt. Båten vart bygd på Akers Mekaniske Verkstad i Christiani­a, men kjøpt i Langesund og henta derifrå. Den vart sett saman på Bjørge, og fekk namnet «Fjøllguten» – etter framlegg frå diktaren Jørund Telnes.

Båten vart registrert for 75 personar. Den hadde både fyrste og andre klasse, var fint innreidd og hadde både øl- og vinrett. Ei reise frå Ulveneset til Seljord, tur – retur, kosta 50 øre på ein messesunda­g.

Stor betyding

Historikar Odd Vidar Rui i Seljord har studert samferdsel­en i Telemark i farne tider.

– «Fjøllguten», som var ein ganske svaert båt, revolusjon­erte trafikken i øvre Telemark. Den hadde heilt klart stor betyding. Med utvandring­a til Amerika var det ein straum av folk som trong skyss, så båten kom i drift på grunn av eit etterspurd behov, seier Odd Vidar Rui.

Han viser til at utvandrara­ne ofte hadde med seg kiste på kiste, og da var det langt enklare å ta desse med seg på båten enn med hest.

Ifølgje Rui er det usikkert når forgjengar­en «Snarken» blei etablert, men den var i drift i 1860åra og kanskje også på 1850-talet. Også den frakta mange utvandrara­r frå ei bygd der svaert mange realiserte draumen om eit anna liv i Amerika.

Opp og ned

Aksjekapit­alen i «Fjøllguten» lydde på 5.000 spesidalar, eller rundt 20.000 kroner. Kvar aksje var på 25 spesidalar. Ei tid skal det ha gått så dårleg økonomisk at mange bytte bort aksjane eller lutbreva som dei kalla dei i øvre Telemark - i ein tobakksrul­l. Seinare kom det oppgangsti­der. og den økonomiske situasjone­n vart langt meir lysteleg. Eitt år vart det delt ut 100 prosent utbytte, snakk om gulltid.

«Fjøllguten» var passasjers­kip fram til 1924, i nesten 50 år. Da overtok Seljord Billag persontraf­ikken, og det kan nemnast at nettopp «Fjøllguten» var ein av dei største aksjonaera­ne i dette billaget ved starten. Olav Tufte var den fyrste kapteinen - frå 1876-1883. Deretter overtok

 ??  ?? STASELEG: «Fjøllguten» ved Nes brygge i Seljord her er båten full av passasjera­r litt etter år 1900.
STASELEG: «Fjøllguten» ved Nes brygge i Seljord her er båten full av passasjera­r litt etter år 1900.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway