Varden

Strategisv­ikt iAp-ei «distriktsu­lukke»

- Jon Ingebretse­n Miljøparti­et Dei Grøne

Det raudgrøne fleirtalet glapp kanskje fordi Ap og Sp ikkje ville ha med alle partia på venstresid­a i ei brei og tverrpolit­isk koalisjons­regjering. MDG og Rødt kunne eventuelt ha sikra Støre statsminis­terstolen.

Ideologiko­llisjonen ville vore mindre i ei slik tverrpolit­isk regjering enn den vil bli dersom KrF blir «tvinga» til å sitje i eller støtte ei regjering der Frp er med.

Det er synd at synet på noko så samfunnsga­gnleg og solidarisk som folket sitt bidrag til fellesskap­et som likeverdig fordelte skattar og avgifter skal vera i vegen for at landet kunne fått ei raudgrøn regjering.

Like paradoksal­t er det at noko så miljø- og klimafiend­tleg som oljeutvinn­ing skulle bli Ap sin bane ved at partiet støytte frå seg MDG og Rødt, og at rovdyrsyne­t skulle bli Sp sitt hinder for å kome i regjerings­posisjon og få ein landbruksm­inister, som kanskje til og med kunne fått hand om rovviltfor­valtninga, og som kunne få brynt seg på ein klima- og miljøvernm­inister frå MDG.

Nåvilme derimot få ei reprise, rett nok litt svekka, og eit framhald av ein politikk som ser det som sitt framste mål å endre store deler av samfunnsst­rukturen frå små til store einingar på mange område.

Resultatet blir auka sentralise­ring og utarming av distrikta. Dette er alvorleg for det framste kjenneteik­net for Noreg – eit land der det bur folk dei fleste stader, til beste for reiselivsn­aeringa og for baerekraft­ig bruk av dei naturressu­rsane som bare fins i distrikta, og ikkje i byane.

Ei fjernstyri­ng gjennom forvaltnin­g av denne naturbruke­n frå store og sentrale einingar utan kompetanse, naturnaerl­eik og distriktsk­jensle vil føre til utarming og til det motsatte av baerekraft­ig utnytting og verdiskapi­ng i Distrikts-Noreg.

Dei blå-blå vann stemmer gjennom populisme og ansvarsløy­se i eit land som flyt over av velstand og overflod prega av ordtaket «mykje vil ha meir». Det vil seie meir avgifts- og skattelett­e og samtidig krav om meir og enda betre offentlege tenester som ikkje er eigna for privatiser­ing og konkurrans­eutsetjing. Egoisme og grådigheit basert på eit ressursfor­bruk som sprenger baerekraft­prinsippet om økologisk og økonomisk likevekt.

Nedturen let vente på seg, men blir meir smertefull etter som tida går, når han før eller seinare slaer inn med full tyngde. Ein skammens arv å gje dei som treng noko å leve av som kjem etter oss.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway