Varden

Slik skjedde familietra

Den 1. juli 1931 blei ein svaert dyster dag for innbyggjar­ane på Seljordshe­ia.

- SELJORD

Denne onsdagen drukna dei tre brørne Eivind (37), Halvor (35) og Nils Haugan (33) i Dalsvatnet. Den fjerde broren Kjetil (27) berga livet med eit nødskrik, redda av faren som òg heitte Kjetil. Ulykka vart eit ufatteleg drama sidan ingen av karane kunne symje.

Med kyr til Botn

Brørne Eivind og Kjetil hadde vore til Botn på Haukeli med kyr i slutten av juni. Ulykkesdag­en drog dei heim att frå Dalen med dampbåt til Kilen i Kviteseid.

Dei kom til barndomshe­imen Haugan ved Dalsvatnet i 12.30 tida, og da var båe to litt fulle, går det fram av politifork­laringa til Kjetil.

Ein tredje bror, Halvor, kom denne ettermidda­gen roande til Haugan frå Strandstau­l som ligg på Seljordsid­a av vatnet. Han budde der og var gift med Sigrid Torvilsdot­ter Haugan (25). Paret hadde barna Ragnhild (4) og Olga (2).

Halvor var den einaste av dei fire brørne som da hadde familie etter seg. Han kom til Haugan ei stund etter at dei to brørne var komne heim frå Botn.

Rodde tilbake

I 16-tida på ettermidda­gen rodde dei tre brørne til Strandstau­l. Turen dit gjekk fint. Der kom også ein fjerde bror Nils, som hadde handla i butikken til Mattis Haugerud på Sannes. Denne forretning­a låg på Garvikstro­ndi.

På Strandstau­l drakk karane «noget øll», som det står i politifork­laringa. Haugan-brørne vart skildra som kraftkarar. Alle tre jobba for kammerherr­e Aall. Halvor køyrde tømmer med hest, medan dei to andre var tømmerhogg­arar.

Kjetil seier i vitneforkl­aringa si til lensmann Svein Sveinsson at brørne ikkje var «større beruset», men at dei var litt fulle alle saman.

Sigrid, som vart enke denne julikvelde­n, opplyste òg til lensmannen at dei ikkje var mykje fulle.

Ho høyrde derimot at Eivind var høgrøysta da dei gjekk ned til vatnet ei stund etter klokka 18 denne kvelden, for å ro attende til Haugan.

«Kom en villske»

Roturen med dei fire brørne om bord starta rundt klokka halv sju denne sommarkvel­den. Båtreisa skulle bli fatal.

Den overlevand­e Kjetil forklara dette, ifølgje lensmann Sveinsson: «Da de hadde roet ca. 100 meter kom det en villske over Eivind. Sistnevnte sat på baktoften, framfor han sat Nils, Halvor rodde og vidnet (Kjetil) sat paa framtoften. Eivind slog da med naeven i skvettbord­et. Haanden stanset imidlertid ikke paa bordet, men gikk videre over baatripen og hele kroppen svaiet da saa til siden, at prammen derved veltet over paa siden og gikk helt rundt, saa alle fallt i vandet».

Hang i kvarandre

Dei neste minutta blei svaert uhyggjeleg­e ute på det elles så idylliske Dalsvatnet.

Kjetil fekk hekta seg fast omtrent på midten av den velta prammen. Hal-vor hang fast i skuldera hans og Nils hekta seg igjen i Halvor. Eivind fekk tak på bakenden av båten.

Dei ville skifte tak, og da gjekk båten rundt igjen – med det resultat at alle fire brørne fall i vatnet.

Kjetil sikra seg nok ein gong tak i prammen med hendene medan Nils og Halvor igjen tok tak i fyrstnemnd­e. På ny fekk Eivind tak bak i prammen. Kjetil ropte på hjelp, og da oppdaga han at Eivind slapp taket.

Kjetil såg deretter at Eivind prøva å symje mot Strandstau­llandet. Han naerma seg litt, men så sank han. Eivind var oppe eit par gonger før han blei borte. Rett etterpå slapp også Halvor og Nils taket i båten, og sank mot botnen.

Ute på tunet

Det må ha vore er ei forferdele­g fortviling og desperasjo­n inne på land. Faren sat ved vindauget på Haugan da brørne gjekk om bord, men 73-åringen seier i politifork­laringa at han ikkje såg båtvelten.

Ute på tunet på Haugan stod derimot mamma Ragnhild og var vitne til drukningsu­lykka, der ho mista tre søner. Ho høyrde nødropa og såg det som skjedde. Mora skreik og mannen Kjetil forstod med ein gong at noko var gale. Han sprang straks ned til vatnet.

Faren fekk tak i ein liten pram og rodde ut. Han såg ikkje andre enn Kjetil da han kom ut, det hadde da gått rundt eitt kvarter etter at båten hadde velta.

Ein berga

Faren forsøkte å få sonen opp i båten sin, men da den heldt på å velte måtte Vesle-Kjetil ta tak i prammen medan faren rodde i land.

Såleis blei den eine sonen berga - medan tre søner mista livet.

Faren rodde straks til nabogarden Gullbekk for å få hjelp, men der hadde dei ikkje utstyr for å sokne etter karane.

Dei måtte fyrste i smia for å ordne dette. Leitinga kom såleis ikkje i gang før rundt midnatt. Fortsetter på neste side

Haugan-brørne vart skildra som kraftkarar. Alle tre jobba for kammerherr­e Aall. Halvor køyrde tømmer med hest, medan dei to andre var tømmerhogg­arar.

 ??  ?? VARDEN: Avisa fortel om ulykka i eit oppslag torsdag 2. juli 1931.
VARDEN: Avisa fortel om ulykka i eit oppslag torsdag 2. juli 1931.
 ??  ?? BRØRNE: Framme Nils (t.v.) og Niri Haugan. Bak (f.v.) Eivind, Halvor og Kjetil Haugan.
BRØRNE: Framme Nils (t.v.) og Niri Haugan. Bak (f.v.) Eivind, Halvor og Kjetil Haugan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway