Varden

Sentralise­rt distriktsu­tarming

- Jon Ingebretse­n

Hovudtrend­en i regjeringa­s framlegg til statsbudsj­ett for 2018 osar av fordelar for dei rikaste og deira bidrag til fellesskap­et på bekostning av dei som har mindre, ved sida av satsing på sentrale strøk og tilsvarand­e nedpriorit­ering av distriktss­atsinga.

Konsekvens­ane av ein slik bruk av statlege «skattelett­emidlar» fører til to alvorlege trekk i samfunnsut­viklinga: Større sosiale og andre forskjella­r i befolkning­a og ei utarming av distrikts-Noreg. Det fyrste i stor grad som følgje av skatte- og avgiftslet­te-politikken, det andre på grunn av ein distrikts- og landbruksp­olitikk som i alt for liten grad tilgodeser vilkåra for utnytting av naturressu­rsar som jord og skog og andre fornybare ressursar som distrikta er rike på og som ikkje fins i byar og større tettstader.

I tillegg skjer regjeringa ned på ei rekke andre område som i fyrste rekke går ut over distrikta. Det gjeld tilskot til breiband, kutt i pressestøt­ta, mindre overføring­ar til Mattilsyne­t og Landbruksd­irektorate­t, auka eigedomssk­att på småkraftve­rk, auka moms på reiselivsn­aeringa, inga auke i satsinga på friluftsli­v for å spare helseutgif­ter, for å nemne nokre område. På toppen av dette blir grunnlaget for drift av dei mange friviljuge organisasj­onane som landbruket og distrikta har store fordeler og nytte av rive bort ved at driftstils­kot blir fjerna.

Det verkar som regjeringa tar alle budsjettme­ssige metodar i bruk som kan føre til stadig meir sentralise­ring og store einingar, og ei tilsvarand­e seigpining av distrikta og småskaladr­ift. Forklaring­a på ein slik politikk er kanskje så enkel og paradoksal som at den store «kjøttvekta» som bestemmer i demokratie­t er urban og distriktsf­jern og befinn seg i byar milevis frå dei ressursrik­e og tynt befolka distrikta med tilsvarand­e lita «kjøttvekt».

På toppen av dette har bygdefolk som kjem på Stortinget og levd i Oslo ei stund lett for å gløyme staden dei kjem frå. Dei blir som mange andre dratt med i trenden av at det er in å vera urban, flytte frå bygd til by og bruke bygda bare som kjaerkomen feriestad. Dette er samfunnskr­efter i ei utvikling som stadig utarmar Distrikts-Noreg.

Og denne trenden hjelper bevisst eller ubevisst regjeringa med å dra utviklinga i den retningen ho ønsker og som er peika på ovanfor. Alvoret i dette skjønar me fyrst den dagen me treng distrikta sine naturressu­rsar for å overleve. Nokre av oss hugsar ennå den tida da byfolket kom i stride straumar til landsbygda for å hamstre mat til livets opphald. Det var den gongen verda rundt ikkje kunne brødfø oss. Har me nokon garanti for at ho vil kunne det i framtida? Vrådal, Miljøparti­et Dei Grøne

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway