Varden

Fekk verdfull kunstgåve

- ▶ halvor.ulvenes@varden.no BØ Halvor Ulvenes ▶

Bø kommune har fått ei verdfull samling av den lokale kunstforei­ninga. Den er forsikra for 300.000 kroner.

Bø Kunstforen­ing er oppløyst, og i samband med dette har laget skjenka samlinga på 36 kunstverk til Bø kommune.

Den siste leiaren i laget, Torhild Aavik, stod for overrekkin­ga under kommunesty­remøtet måndag kveld. Samlinga består av mest bilete.

Også pengegåve

Blant kunstverka er blant anna eit broderi av fjelltoppe­n Jørånnatte­n på Lifjell, laga av Molla Lahus. Det blei kjøpt inn i 1980 for 13.500 kroner. Gunnulf Staurheim er òg represente­rt med mange bilete i samlinga. Samla innkjøpsve­rdi er vel 157.000 kroner.

Kunstforei­ninga i Bø vart skipa i 1980, etter initiativ av Hans Otto Waaraas. Ifølgje vedtektene skal samlinga, ved oppløysing av laget, gå til kommunen. Det er det som no skjer. Med på lasset følgjer også ein bankkonto på 48.000 kroner.

– Det var for tre år sidan at laget vedtok oppløysing­a. Ifølgje vedtektene skulle kontoen vere sperra i tre år, og no er den tida ute. Derfor får kommunen gåva no i 2017, opplyser Torhild Aavik til Varden.

Orka ikkje meir

Ho fortel vidare at styret ikkje såg det mogleg å halde på vidare, da arbeidet krev mykje dugnadsinn­sats.

– Me var ikkje lenger motiverte for denne dugnadsjob­ben. seier ho. – Vemodig at det no er slutt? – Vedtaket var ein lette, men også vemodig, svarar Torhild Aavik.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? OVERREKKIN­G:
Torhild Aavik og Olav Kasland etter overrekkin­ga av kunstgåva, her med motiv av Jørånnatte­n.
FOTO: HALVOR ULVENES OVERREKKIN­G: Torhild Aavik og Olav Kasland etter overrekkin­ga av kunstgåva, her med motiv av Jørånnatte­n.
 ??  ?? GOD KLEM: Olav Kasland gav Torhild Aavik ein god klem som takk for gåva. Bak Ann Sissel Lyngen (t.v.) og Åse Egeland.
GOD KLEM: Olav Kasland gav Torhild Aavik ein god klem som takk for gåva. Bak Ann Sissel Lyngen (t.v.) og Åse Egeland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway