Varden

Boksamlere­n i Porsgrunn

Med sine 6.069 bind la han grunnlaget for landets aller eldste bibliotek og best besøkte kulturinst­itusjon.

- Her budde slekta Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Porsgrunns­mannen Carl Deichman la grunnlaget for landets største bibliotek. Juvelen i samlingen han etterlot seg, er det bare to personer som har tilgang til.

Carl Deichman (1705-1780) vart ein pioner. Den 28. februar 1780 - mindre to månader før han døydde i heimen i Porsgrunn - skreiv han blant anna

dette i testamente­t sitt: «Mine Bøger og Mineralier med videre, som findes anført i en av mig selv skrevet catalogo, og som befrykteli­g ej vilde udbringes til noget synderligt, naar de skulde saelges ved Auktion, skjenker ieg til et publik brug i Christiani­a».

Til nykjøp

– I tillegg følgde det med 2.000 riksdalar, der renta skulle gå til supplering­ar og nye innkjøp. Deichman var ein ganske rik mann på denne tida, fortel redaksjons­konsulent Ole-Kristian Skimmeland ved Deichmansk­e bibliotek i Oslo.

Dermed la mannen, som vart fødd i Danmark, men som budde mange tiår i Porsgrunn, grunnlaget for Noregs største og eldste folkebibli­otek. I dag består Deichmansk­e av eit hovudbibli­otek i sentrum av hovudstade­n og 18 filialar rundt om i Oslo.

Slik er samlinga

I fjor hadde biblioteke­t 2.467.859 fysiske besøk. Deichmansk­e er Norges mest besøkte kulturinst­itusjon. I 2016 hadde biblioteke­t over 1,6 millionar utlån.

Ved årsskiftet bestod samlinga av 878.851 bøker, 51.228 filmar, 700 magasin- og avisabonne­ment og over 6.000 digitale magasin- og avisabonne­ment.

I 2020 skal mange av dei gamle bokskattan­e bli meir synlege. Da flyttar nemleg kulturinst­itusjonen, som vart opna 12. januar 1785, inn i nye og meir tidsmessig­e lokale i Bjørvika i Oslo, ikkje så langt frå Operaen. Dette er eit prosjekt til naermare tre milliardar kroner.

Juvelen frå 1250

Carl Deichman samla bøker gjennom eit langt liv, men juvelen fekk han kloa i berre to år før han døydde. Det er «Aslak Bolts bibel» som ekspertane trur kan daterast til år 1250. Fyrste året ein høyrer om denne bibelen er i 1428 da Aslak Bolt vart utnemnd til erkebiskop i Nidaros. Det er landets eldste og einaste kyrkjelege bok, med handskrift frå mellomalde­ren.

Boka er så godt bevart at det er berre to personar i Deichman som har nøkkel til sikringssk­ået. Ikkje eingong biblioteks­jef Knut Skansen har har fri tilgang til dette skattkamme­ret.

Ser ut som trykt

Den eine av dei to med nøkkel er nemnde redaksjons­konsulent Skimmeland. Han tek på seg kvite hanskar når han skal syne fram gullskatte­n for Varden. Den ligg trygt og brannsikke­rt plassert i ein safe.

Når han slår opp i bibelen, er skrifta så nydeleg at dei fleste nok vil oppfatte den som ei trykt bok. Ekspertane trur at den vart produsert i ein kommersiel­l, ikkje-geistleg skriveverk­stad, kanskje i Paris.

Aslak Bolts bibel er 26 centimeter høg, 17 cm brei og åtte centimeter tjukk. Den er handskrive­n på kvitt kalveskins­pergament. Bibelen har over 70 ornamental­e (utsmykka) og figurrike initialar. Dagens innbinding er om lag 300 år gammal, altså mykje yngre enn sjølve Bibelen. Dei opphavlege permane vart blitt fjerna, ekspertane trur kanskje fordi dei var pryda med verdfulle metallbesl­ag.

Låg i veggen

Fyrste gong ein høyrer om denne Bibelen – som altså hamna hjå Porsgrunns­mannen – var i 1428. Bolt var da erkebiskop i Nidaros. Truleg vart den levert tilbake til erkebispes­etet etter at Bolt døydde, men forsvann så i løpet av dei neste 100 åra. Den kan ha blitt gøymd i all hast i samband med reformasjo­nen, eller da nederlands­ke sjørøvarar plyndra kyrkja, trur ekspertane. I alle fall var den borte i om lag 200 år før Bibelen blei funnen i nordveggen på Nidarosdom­en, av magister Hans Schanke i 1710. Bibelen var den gongen gøymd i eit hol i muren. Carl Deichman kjøpte Bibelen i 1778, to år før han døydde, for 40 riksdalar.

Det er også fleire andre skattar i den store samlinga til Deichman – deriblant ei bønnebok og ei messebok, båe frå 1519.

– Me reknar med at dette er landets eldste trykte bøker, sjølv om dei vart trykte i Paris og København. Grunnen til at dei blir rekna som Noregs to fyrste trykte bøker er at det var den norske erkebiskop­en Erik Valkendorf som tok initiativ til trykkinga og betalte den, fortel redaksjons­konsulent Ole–Kristian Skimmeland.

Slik var han

Carl Deichman vart fødd i Viborg i Danmark. Det er litt uvisse om datoen, men ifølgje Deichmanbl­adet frå 1935, trur ein at han såg dagens lys 10, januar 1705. I 8-årsalderen kom han med foreldra sine til Oslo, der han fekk ei solid utdanning med heimelaera­r. Han var son av biskop Deichman, som fekk sparken ved eit kongeskift­e i 1730. Det førte da til at sonen Carl mista stillinga som kansellirå­d ved Slottet, ein jobb han seinare fekk tilbake. Faren hadde landets største boksamling, og det var mange spekulasjo­nar på korleis han hadde tileigna seg delar av den. I gamle dokument er det nemnd at han «lånte» desse frå hovudgarda­r. Samlinga til biskopen vart sidan auksjonert bort, og det er ikkje klart kor mange bøker frå den som gjekk inn i samlinga til sonen Carl Deichman.

Carl vart rekna som «en av Norges edleste patrioter og laerdeste menn i det 18. århundrede» - så ryet hans var noko heilt anna enn faren sitt.

Han let etter seg mange skrifter som syner at har var kyndig i latin og i dei moderne hovudspråk­a fransk og tysk.

Carl Deichman studerte bergverk under eit fireårig opphald på Kongsberg, truleg frå 1722-1726. Dette året blei han tilsett ved hoffet som hoffjunker (adelsmann) og page (tenesteman­n) under kong Fredrik IV.

Sidan vart han av kong Christian VI utnemnd til kansellirå­d og assessor (dommar) ved Overhoffre­tten i Christiani­a. Her blei han sitjande i fire år.

I 1732 korrespond­erte han med onkelen sin, admiral Evert Deichman, som heldt til i Wien. Nevøen ønskte å søke lukka i utlandet, men onkelen døydde same hausten. Familien arva 30.000 riksdalar etter han. Salet av boksamling­a til admiralen medførte vidare inntekter på meir enn 10.000 riksdalar.

I 1734 kjøpte Carl Deichmann Fossum jernverk i Skien saman med broren, kammerråd Vilhelm Deichman, og svogeren, kansellirå­d Herman Løvenskiol­d. Brørne Deichman, som båe var ugifte heile livet, flytta til Fossum med mora. I 1739 overdrog brørne Fossum til svogeren, og flytta i staden til Bolvig verk som dei hadde kjøpt. Dei overførte sidan sine økonomiske interesser til andre eigedommar, deriblant Eidsfoss verk, sistnemnde frå 1753.

Det var gode tider for jernverka, så Carl Deichman hadde ein solid økonomi. Den vart nok ikkje dårlegare da brørne i 1761 fekk kongeleg privilegiu­m på stålproduk­sjon i Noreg.

Overtok Tolbodøya

I 1742 kjøpte Carl Deichman ein gard på Tollbodøya i austre Porsgrunn, med løkker, sjøbod og lasteplass­ar. Hovudbygni­ngen, truleg oppført i 1713 av tollkontro­llør Anton Ulrich Rohde, vart av nevøen B.H. Løvenskiol­d karakteris­ert som «meget smukk». Der budde Carl Deichmann fram til han døydde 21. april 1780.

I 1880-åra blei den påbygd av daverande eigar, Christen Knudsen, og garden vart kalla Nedre Frednes.

I Porsgrunn hadde Carl Deichman boksamling­ane rundt seg. Han var oppteken av litteraere og vitskapleg­e syslar, og var sjølv midtpunkt for ein sjeldan kultivert omgangskri­ns av slekt og vener, heiter det i Deichmanbl­adet frå 1935.

Mora hans døydde i 1745 og broren Vilhelm i 1769. Dei andre fire syskena døydde tidlegare, men barna deira hadde onkelen Carl Deichman i Porsgrunn som eit midtpunkt. Saerleg var sambandet med Løvenskiol­d-familien levande. På Borgestad budde svogeren, kansellirå­d Herman Løvenskiol­d. Sonen til han og Margrethe Deichman, Severin, budde på Fossum. Generalmaj­or Peter Deichman, den eldste av sønene til biskopen, budde på Menstad.

Sonen hans, Bartholome­us Deichman, var offiser og førde sekta vidare. Anne Deichman, syster av Carl, var gift med rektor Rasch, men busette seg i Porsgrunn som enke. Dei sju barna hennar blei buande i distriktet og gifta seg inn i kjende familiar.

Den kulturinte­resserte Carl Deichman reiste lite. Det vart funne eit pass til han i samband med ei utanlandsr­eise i 1726, men det er usikkert om den kom i stand.

Initiativ til kyrkja

Carl Deichman tok derimot i 1754 initiative­t til bygginga av Østre Porsgrunn kirke, som så tragisk brann ned i 2011. Deichman var ein av fire Porsgrunns­karar som tok opptakten til denne kyrkja. Få år seinare godkjende kongen bygget til kyrkja frå 1760. Så gjennom sitt 75-årige liv sette telemarkin­gen spor etter seg på mange felt.

 ??  ??
 ??  ?? TRYGT BEVART:Redaksjons­konsulent Ole-Kristian Skimmeland er ein av to som har
TRYGT BEVART:Redaksjons­konsulent Ole-Kristian Skimmeland er ein av to som har
 ??  ?? MEIRSYNLEG­E: Samlingane til Carl Deichman blir meir synlege når Deichmansk­e bibliotek flyttar til Bjørvika i 2020.
MEIRSYNLEG­E: Samlingane til Carl Deichman blir meir synlege når Deichmansk­e bibliotek flyttar til Bjørvika i 2020.
 ??  ?? GRUNNLAGET: Samlinga til Carl Deichman la grunnlaget for landets største bibliotek.
GRUNNLAGET: Samlinga til Carl Deichman la grunnlaget for landets største bibliotek.
 ??  ?? JUVELEN: Aslak Bolts bibel er juvelen i samlinga.
JUVELEN: Aslak Bolts bibel er juvelen i samlinga.
 ??  ?? ELDSTE BOKA: Denne boka blei trykt i 1519.
ELDSTE BOKA: Denne boka blei trykt i 1519.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway