Varden

Får vatn fra Sjåvatn

Rådmannen i Hjartdal vil totalt satse 344 millionar kroner på vatn og kloakk i hyttefelta Kovstulhei­a og Russmarken i Tuddal.

- HJARTDAL ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Tilkopling­savgiftene for vatn og kloakk blir 260.000 kroner. Beløpet skal ikkje indeksregu­lerast før om fem år, går det fram av innstillin­ga til rådmann Rune Enghult.

Han satsar på Sjåvatn som drikkevass­kjelde. Rådmannen viser til formulerin­ga i rapporten om at Sjåvatn utan tvil er den beste løysinga.

Mest lønsamt

– Sluttrappo­rten viser at Sjåvatn har den høgaste investerin­gskostnade­n og den lågaste driftskost­naden. Den desentrali­serte løysinga, med mange brønnar, har den lågaste investerin­gskostnade­n og den høgaste driftskost­naden. Meirkostna­den ved å investere i Sjåvatn vil vere tent inn i løpet av 40 år. Kostnadene for kommunen med dei to alternativ­a er omtrent like over 40 år, men levetida vil vere vesentleg lengre. Derfor er dei årlege driftskost­nadene viktige, skriv rådmannen. Han meiner at utbygging og drift bør skje i kommunal regi.

Ingen tvil

Enghult viser til at både hytteeigar­ar og grunneigar­ar har uttrykt uro for at utgiftene blir for store.

– Det er liten tvil om at den økonomiske risikoen i prosjektet ligg på kommunen – ikkje på hytteeigar­ar og grunneigar­ar. Dersom talet på abonnentar blir lågare enn forventa, kan ikkje kommunen skru opp årsavgifte­ne, heiter det i innstillin­ga til Hjartdal-rådmannen.

Slik blir avgiftene

Rådmannen foreslår samla årsavgift for vatn og avløp på 12.000 kroner per år, inkludert meirverdia­vgift. Den skal indeksregu­lerast årleg. Det vil bli gjeve fritak for årsavgift for vatn dei tre fyrste åra for blant anna eigedommar som i dag har låg standard. Rådmann Rune Enghult opplyser til Varden ønskjer ikkje å kommentere saka ut over innstillin­ga.

Grunneigar­representa­nt Håkon Bøen seier til Varden at han synest det er rart at rådmannen tør å ta ein så stor økonomisk risiko.

– Både grunneigar­ar og hyttefolk er imot dette. Budsjettet med 1.000 abonnentar er for høgt, 500 er meir realistisk. Det interessan­te er økonomien til kommunen om 5–10 år, seierHåkon Bøen.

Hjartdal kommunesty­re skal handsame saka 25. oktober.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES BÅE ?? STRID: Utbygginga i Russmarken i Tuddal har skapt stor strid dei siste månadene. Eit forprosjek­t skapte røre og no i haust er det lagt fram ein revidert rapport om ny vasskjelde.
FOTO: HALVOR ULVENES BÅE STRID: Utbygginga i Russmarken i Tuddal har skapt stor strid dei siste månadene. Eit forprosjek­t skapte røre og no i haust er det lagt fram ein revidert rapport om ny vasskjelde.
 ??  ?? FAKSIMILE: Varden 20. mai 2017
FAKSIMILE: Varden 20. mai 2017
 ??  ?? SENTRALE AKTØRAR:
Dagleg leiar i Russmarken VA, Knut Olsen (t.v.), styreleiar Anne Karin Bakka og ordførar Bengt Halvard Odden.
SENTRALE AKTØRAR: Dagleg leiar i Russmarken VA, Knut Olsen (t.v.), styreleiar Anne Karin Bakka og ordførar Bengt Halvard Odden.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway