Varden

Ja til Telemark, nei til tvang

- Olav Urbø Fylkesleia­r Telemark Senterpart­i

Å slå saman Telemark med Vestfold er framleis ein like dårleg ide. Valet forandra ingenting på det. Regionrefo­rma er sentralise­rande, oppgåvene er fullstendi­g fråverande, og det førre Stortinget gjennomfør­de fylkessama­nslåing med tvang.

Det er eit paradoks å gjennomfør­e slike saker med tvang. I ei tid der dei største utfordring­ane i Europa er avstanden mellom folk og dei som styrer. Svaret er eit levande folkestyre og stor påverknad lokalt. Ikkje denne type tvangsvedt­ak.

Telemark fylkeskomm­une er i høgste grad kompetent til å ta seg av dei oppgåvene dei skal utføre. Og det er den same fylkeskomm­unen som i sin tid og hadde ansvaret for sjukehusa. Med dagens få oppgåver vil nye store regionar verte store byråkratis­ke einingar med lite innhald. Telemark Senterpart­i har sagt at skal det vere noko

logikk i å diskutere større einingar så må store oppgåver flyttast frå stat til fylke. Sjukehusa er det beste eksempelet på det.

Det nye Stortinget har ein unik mogeleghei­t til å reversere desse vedtaka og stø opp om eit levande folkestyre. Det er fremja forslag i Stortinget om å gjere om alle tvangsvedt­ak, inkludert Telemark og Vestfold.

KrFereit parti som historisk sett har hatt samanfalla­nde syn med Senterpart­iet om lokaldemok­rati og folkestyre. Slik saka står nå så er den i KrF sine hender. Det er vårt håp at KrF i denne viktige saka står fast ved sine verdiar og stemmer for å oppheve vedtaka om fylkessama­nslåing som er gjort med tvang. Det har KrF mogeleghei­t til utan å vere bunde av tidlegare avtale med regjering.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway