Varden

Fiskestige­n i elendig stand

-

Måtte nesten flire sist eg køyrde denne vegen, då hadde dei endeleg greidd å få slengt ifrå seg noko asfalt over nokre nylagde stikkrenne­r.

Eg fant ut at det dreiar seg om ca. 20-25 m over ei strekning på ca. 3 km. Samstundes var det satt opp fartsgrens­eskilt på 50 km/t på denne strekninga. Det er vel ingen som tek sjansen på å køyre over 50 km/t på denne vegen til vanleg. Passeleg fart er 30-40 km/t på dei 6-7 km som er dårlegast.

No er det andre sesongen det går skulerute på denne vegen, vågar ikkje tenkje på kor lenge det gjeng før denne skulebusse­n kollapsar. Sjølv har eg dei to siste åra måtta bytta foringar i framhjulst­illinga p.g.a at det blir slegje i fillebitar av denne forferdele­ge vegen.

som kanskje er endå verre er at Vinje kommunes folkevalde ikkje bryr seg, for flestepart­en av dei treng vel ikkje bruke denne vegen.

No må det gjerast noko med denne vegen straks, ein god el av denne vegen må byggjast opp minimum ein halv meter, dette fordi den ligg i jamnhøgde med myran. Dette ser me tydeleg då det er mykje regn, då er det vatn over det heile, slik at ein ikkje ser forskjell på om det er myr eller veg. Telemark Fylkeskomm­une må få ut fingrane og få bevilga dei pengane som trengst for å få den i tilfredsti­llande stand. Noko må i alle fall skje før me blir samanslege med Vestfold, då kan me vel gløyme heile øvre Telemark. Det er vel ingen av politikera­ne som å vågar å svare no heller, kjem me med i neste trekning?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway