Varden

Tok farvel med bygdas solstråle

«Heile bygda» tok farvel med Gunhild Egenaes, som omkom i tragedien på Seljordsva­tnet.

- BØ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det blei ei gripande og uvanleg stor gravferd da Gunhild Egenaes blei ført til siste kvilestade­n på Bø kyrkjegard i går. Laeraren som omkom i drukningst­ragedien på Seljordsva­tnet vart skildra som solstrålen som såg alle. – Ho hadde evna til å begeistre og la seg begeistre, sa forrettand­e sokneprest Axel Bugge under den verdige og flotte seremonien på Bøhaugen.

Rundt 470 menneske følgde tysdag den populaere laeraren til siste kvilestade­n på Bø kyrkjegard.

Elska menneske

– Gunhild elska livet og var ekstra glad i menneske. Ho kjempa for å redde dei to andre, sa sokneprest Axel Bugge da han forretta ved kista.

Presten teikna eit bilete av ei sporty jente som hadde delteke både i fotball, handball og som jentunge likte å boltre seg i vatnet i tigerbadeb­uksa si. Seinare i ungdommen var det slalåm og ski som appellerte. Familien minnest henne som ein solstråle med sterk vilje og som visste kva ho ville. Gunhild hadde ei sterk evne til å begeistre og la seg begeistre. Bugge fortalde at etter at mora døydde i 2014, viste ho ekstra stor omsorg og kjaerleik for pappa Arve. Presten sa vidare at Gunhild var svaert glad i ektemannen Mohammed og at han betydde mykje for henne.

Presten teikna elles eit bilete av ei kvinne som òg kunne vere sårbar og hadde hatt sine sorger, men som ikkje var redd for å vise sine kjensler.

Mangeårig laerar

Etter laerarskul­en på Notodden byrja ho på Bø barneskule. Sidan var Gunhild Egenaes laerar på ungdomssku­len i bygda og no sist ved vaksenoppl­aeringa i Bø og Nome.

Ein rørt rektor ved vaksenoppl­aeringa, Marianne Dahlseng, fortalde om ein laerar som var glødane engasjert i elevane sine.

– Ho gjekk med bøkene under armen for å finne nokon å hjelpe. Ho såg alle og ville bli kjend med nye menneske. Hytteturen, som skulle vere ei fin oppleving, enda i ein forferdele­g tragedie, sa rektor Marianne Dahlseng.

Sjokket

Systera Inger Marit Egenaes fortalde kyrkjelyde­n om sjokkmeldi­nga ho fekk heime i Tyskland.

– Ein ser mykje trist i media, men trur ikkje det skal ramme ein sjølv. Så ta vare på kvarandre, var oppmodinga hennar. Inger Marit Egenaes retta ein varm takk til alle som hadde delteke i redningsak­sjonen og støtteappa­ratet elles for fantastisk innsats.

Under seremonien var det blant anna solosong av Hans Martin Eriksen, assistert av organist Henrik Ødegaard. «Liten fuggel» og «Just a closer walk with Thee» blei ei trøyst på den regntunge gravferdsd­agen.

 ??  ?? STOR DELTAKING:
Rundt 470 menneske følgde Gunhild Egenaes til siste kvilestade­n på Bø kyrkjegard. Den 53 år gamle
STOR DELTAKING: Rundt 470 menneske følgde Gunhild Egenaes til siste kvilestade­n på Bø kyrkjegard. Den 53 år gamle
 ??  ?? SMEKK FULL: Parkerings­plassen på Bøhaugen var smekk full. Parkerings­vakter var i sving over timen før gravferda tok til.
SMEKK FULL: Parkerings­plassen på Bøhaugen var smekk full. Parkerings­vakter var i sving over timen før gravferda tok til.
 ??  ?? FINT PYNTA: Kyrkja var fint pynta med blomar og kransar under sørgehøgti­da. Gravferda blei eit verdig farvel med den populaere kvinna.
FINT PYNTA: Kyrkja var fint pynta med blomar og kransar under sørgehøgti­da. Gravferda blei eit verdig farvel med den populaere kvinna.
 ??  ?? OMSORGSMEN­NESKE: Gunhild Egenaes vart skildra som eit omsorgsmen­neske som skapte begeistrin­g og som blei begeistra.
OMSORGSMEN­NESKE: Gunhild Egenaes vart skildra som eit omsorgsmen­neske som skapte begeistrin­g og som blei begeistra.
 ?? FOTO: FREDRIK PEDERSEN ??
FOTO: FREDRIK PEDERSEN
 ?? ALLE FOTO: FREDRIK PEDERSEN ?? laeraren var ein av dei tre som drukna i Seljordsva­tnet for naer to veker sidan.
ALLE FOTO: FREDRIK PEDERSEN laeraren var ein av dei tre som drukna i Seljordsva­tnet for naer to veker sidan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway