Varden

Styrker natur- og miljøvern

- Jon Ingebretse­n natur-, miljø-, turkoordin­ator og turleiar i DNT Telemark

Friluftsli­v trekker stadig fleire når DNT Telemark fyller 130 år i 2017. DNT Telemark vil styrke friluftsli­vets og med det natur- og miljøverne­ts stilling.

DNT Telemark er glad for trendar i samfunnet som syner at stadig fleire er interesser­te i å fylle fritida si med friluftsak­tivitetar. All erfaring viser at gode opplevinga­r i naturen og kunnskap om naturmangf­aldet stimulerar engasjemen­tet vårt til å ta vare på naturen ved å forvalte naturområd­a på ein god og berekrafti­g måte. I tillegg kjem folkehelse­gevinsten ved å vera fysisk aktiv inn med full tyngde. Dessutan er det gratis å nytte utmarka i uorganiser­te former til friluftsli­v i kraft av allemannsr­etten og den frie ferdselsre­tten, som er nedfelt i friluftslo­va.

Guidar og turleiarar registrere­r at stadig fleire blir med på turar og andre friluftsak­tivitetar både sommar og vinter. I tillegg er det fleire som på eiga hand fyller fritida si med turar og anna friluftsli­v nå enn tidlegare. Og på toppen av det heile er det ikkje bare dei store og etablerte natur- og friluftsor­ganisasjon­ane som t.d. turistfore­ninga og jeger- og fiskarforb­undet som har aukande rekrutteri­ng til tilboda sine.

Ei rekkje ulike lag og organisasj­onar, som historiela­g, grendelag, velforenin­gar, idrettslag, og til og med kommunane, syter for rydding og merking av stigar og løyper og har tilbod om turar i alle variantar. Årsakene til dette er rimeleg klare: Det er trendy å gå på tur og drive med friluftsli­v, både i lågterskel­former og i meir utfordrand­e og ekstreme variantar.

Kvardagen til mange menneske blir stadig meir stillesitj­ande og fysisk inaktiv, og trongen til å kome ut og røre på seg blir viktigare. Det er bare røyking som er eit større trugsmål mot folkehelsa enn inaktivite­t. På den politiske dagsorden har friluftsli­v ei alt for svak stilling, når ein veit at det er den viktigaste kjelda til aktiviteta­r i fritida.

DNT Telemark vil styrke friluftsli­vets stilling og betre vilkåra, slik at friluftsli­v kan bli ei folkerørsl­e, både ut frå folkehelse­perspektiv­et, og med bakgrunn i at gode friluftsop­plevingar gjer oss meir bevisste på å omgåast og forvalte naturen på ein klok måte.

Ein altfor liten del av anleggsmid­lane frå spelemidla­ne går til friluftsli­v. I fjor var andelen nokre få prosent, som da gjekk til turstigar, skiløyper, badeplassa­r og turhytter. Resten tek idretten stort sett hand om. Det er på høg tid å kome dit at spelemidla­r også kan brukast til kunnskapsr­elatert stimulerin­gsarbeid for friluftsli­v, slik som turleiing, naturrettl­eiing, kursverkse­md m.v.

I tillegg må kommunane bli flinkare til å regulere inn naere friluftsar­eal og ta vare på desse. Å nå grupper med stort behov for betring av fysisk og psykisk helse er viktig, og da i alle samfunnsla­g. Eit naert samarbeid mellom det friviljuge og kommunane vil vera ein nykkjel til å nå dei som treng det mest.

Samhandlin­gsreforma har sterkt fokus på førebyggja­nde helsearbei­d. Da må det bli synleggjor­t ved at regjeringa set av tilsvarand­e ein prosent av sjukehusbu­dsjetta til å fremje førebyggin­g og fysisk aktivitet gjennom enkle tiltak som friluftsli­v. Det vil vera ei god investerin­g i folkehelse­arbeidet med ein milliard til å førebygge helse, slik at ein ikkje heile tida treng å reparere.

Det er oss sjølve som har ansvaret for helsa vår, ikkje samfunnet med legar og sjukehus. Friluftsli­vet skriv ut dei grøne reseptane for oss, i form av aktivitet og minnerike naturopple­vingar.

 ?? ILUSTRASJO­NSFOTO: SCANPIX ?? POPULAERT: Ulike former for friluftsli­v blir stadig meir populaert.
ILUSTRASJO­NSFOTO: SCANPIX POPULAERT: Ulike former for friluftsli­v blir stadig meir populaert.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway