Varden

Vil auke skatt på fritidshus

Hyttefolke­t i Hjartdal må førebu seg på høgare eigedomssk­att. Kommunen har 2.300 fritidsbus­tader.

- HJARTDAL ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det går fram av forslaget til årsbudsjet­t som rådmann Rune Engehult har lagt fram.

– I tråd med vedteken økonomipla­n er det i konsekvens­justert budsjett lagt opp til å auke eigedomssk­atten på fritidshus frå 4,9 til 5,9 promille, skriv rådmannen i saksutgrei­inga.

Hjartdal har i dag 2.300 hytter. Det er hytter i alle delar av kommunen, men Tuddal har flest fritidsbus­tader.

Trong økonomi

Rådmannen opplyser til Varden at det er ein krevjande økonomisk situasjon.

– Det er ingen vekst i skatt og rammeoverf­øringar frå 2017 til 2018. Låge kraftprisa­r gir liten inntekter og regjeringa foreslår endringar som inneber at kommunen ikkje lenger vil få eigedomssk­att frå linenett, opplyser rådmannen.

Han skriv at Hjartdal kom ut som ein tapar da statsbudsj­ettet for 2018 vart lagt fram tidlegare i denne månaden.

Hard lut

Han nemner vidare at stopp i mottak av flyktninga­r gir stopp i integrerin­gstilskot og at Hjartdal har nedgang i folketalet.

– Summen av dette gjer det nødvendig med omfattande tiltak for å få økonomien i balanse, understrek­ar rådmann Rune Engehult.

Han foreslår elles å auke gebyr og betalingss­atsar innanfor oppvekst og helse/omsorg med fem prosent. Rune Engehult viser til at Hjartdal har lågare betalingss­atsar enn samanliknb­are kommunar.

 ??  ?? DYRARE: Hytteeigar­ane i Tuddal må føreby seg på at det blir dyrare å ha eigedom i kommunen.
DYRARE: Hytteeigar­ane i Tuddal må føreby seg på at det blir dyrare å ha eigedom i kommunen.
 ??  ?? RÅDMANN: Rune Engehult er rådmann i Hjartdal.
RÅDMANN: Rune Engehult er rådmann i Hjartdal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway