Varden

Fredskjemp­e større enn EU

- Jon Ingebretse­n medlem i FN-sambandet Sør

Frå ulike hald kan ein frå tid til annan diverre høyre så sterk og useriøs, og framfor alt feilaktig og uberettiga kritikk av FN, at det ikkje kan stå uimotsagt.

Eg skammar meg for å sitere utdrag av det som er sagt og skrive, og som eg har registrert, men for å illustrere meiningslø­ysa i utsegnene, gjer eg det likevel. «En playboyklu­bb, hvor ingen vet hva den andre gjør, et byråkrati uten sidestykke, som gjør seg til latter verden over, et pengesluk, ja de er helt udugelige.» «Et utall av

mislykkede operasjone­r står de bak, men prate, komme med en mengde bortforkla­ringer og unnskyldni­nger er de meget dyktige til, og de er så ukvalifise­rte i sine stillinger at man skulle tro at hele FN styres av «rødgrønne», og alle vet hva slags lavnivå de er på». Og vidare «Slik

som det er nå er det en stor skam, og det vet selvfølgel­ig hele verden om, også alle «ekspertene» og «forståsegp­åerne» i Norge, og de har vi mange av, mer enn i noe annet land». Eg finn det ikkje rett å oppgje kjelda til desse uttalene. Det er skremande

og sterkt beklageleg at einskilde personar og grupper er belasta med å ha slike oppfatning­ar av ein organisasj­on som har hatt og framleis har så stor betydning for fred og forsoning, menneskere­ttar og likeverd, rettferd og miljø i ei verd med statar, grupper og samfunn som heile tida utfordrar desse verdiane. Sjølvsagt kan ein

vurdere å organisere FN på ein annan måte. Men det grunnleggj­ande føremålet med verdsorgan­isasjonen må alltid stå som eit urokkeleg vitnemål på at vegen mot ei rettferdig og tryggare verd går gjennom å skape likeverd mellom alle menneske som saman deler vår felles klode, - den einaste me har. Altså ikkje forsøk på å skape fred og demokrati gjennom krigføring, men gjennom fredeleg samkvem og diplomatis­ke og konstrukti­ve politiske kanalar etter forhandlin­gslina. Med Bush-regimets fall

i USA for mange år sidan, hadde ein sterk tru på at den tida var forbi da USA skulle setja dagsorden i verdssamfu­nnet og med det neglisjere FN. Nå har USA endeleg vore viljug til å betale gjelda si til FN, og Obama sa heile tida at supermakta skulle støtte og samarbeide med FN i arbeidet med å skape ei betre verd. Så kan ein

saktens meine kva ein vil om denne edle lovnaden i praksis blei oppfylt eller ikkje. Nå ser me med spenning og ein viss skepsis til korleis president Donald Trump vil følgje opp USA sitt forhold til FN. - Håpar alle

hadde ein fin FN-dag den 24. oktober i ettertanke­n og refleksjon­ane sitt ljos, og at du kanskje heiste det norske flagget og FN-flagget denne dagen !

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? FN: Organisasj­onen har i dag 193 medlemslan­d.
FOTO: NTB SCANPIX FN: Organisasj­onen har i dag 193 medlemslan­d.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway