Varden

Han knekte koden

Seniorfors­kar Helge Tveiten (55) frå Bø kan smile: Han har nemleg knekt koden for korleis oppdrettar­ar kan produsere steril laks.

- BØ/TROMSØ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Forskinga har halde på i ti år, seier den beskjedne telemarkin­gen i ein prat med Varden.

Alt under eggstadiet blir eit viktig protein påverka, slik at laksen ikkje blir i stand til å produsere kjønnscell­er.

Laksen seniorfors­kar Tveiten har forska på utviklar ikkje kjønnscell­er og blir dermed aldri kjønnsmoge­n.

Miljø og velferd

Det er fleire grunnar til å produsere steril oppdrettsf­isk.

– Dermed hindrar ein at rømt oppdrettsl­aks skal gyte saman med villaksen og øydeleggje denne stamma. Kvaliteten på kjøtet vert dårlegare når fisken blir kjønnsmoge­n og produktet dermed mindre verdt. Ein steril fisk veks også fortare. For kjønnsmoge­n laks er det heller ikkje gunstig å stå i slike oppdrettsa­nlegg, seier Tveiten.

Dette handlar derfor både om økonomi, miljø og dyrevelfer­d. Forskaren frå Bø stadfester overfor Varden at situasjone­n for villaksen har vore ei viktig drivkraft for forskinga.

Han hadde ideen til steriliser­ingsmetode­n, men ifølgje ein artikkel på nettsida kyst.no vart han møtt med skepsis i andre miljø da han la fram ideen.

Arbeidsgje­varen hans, for- skingsinst­ituttet Nofima, har nytta ein god del midlar for å få fart på prosjektet. Tveiten visste nemleg at dette reint biologisk var ein farbar veg.

Etter det Varden får opplyst, er det førebels litt hemmeleg korleis sjølve steriliser­inga foregår, men det dreier seg om behandling av egg og stamfisk. – Blir du rik på dette? – Nei, eg er tilsett i Nofima, så da kjem det vel heller arbeidsgje­varen til gode.

Starta tidleg

Helge Tveiten har vore interesser­t i fisking sidan tidlege barneår. Alt frå 6-7-årsalderen fanga han fisk med berre hendene i ein lokal bekk heime i Eikjabygda i Bø. Der hadde han sin eigen fiskedam.

Tveiten studerte havbruk ved Universite­tet i Tromsø. For snart 17 år sidan tok han doktorgrad på temperatur­forholda for steinbit. – Fiskar du mykje i dag? – Mindre enn ein skulle tru, men eg held meg til ferskvatn, svarar Helge Tveiten på sin ekte og gode Bø-dialekt.

 ?? BEGGE FOTO: OLE ÅSHEIM/NOFIMA ?? MANGE ÅR: Seniorfors­kar Helge Tveiten har forska på steriliser­ing av oppdrettsl­aks i rundt ti år.
BEGGE FOTO: OLE ÅSHEIM/NOFIMA MANGE ÅR: Seniorfors­kar Helge Tveiten har forska på steriliser­ing av oppdrettsl­aks i rundt ti år.
 ??  ?? IVRIG: Helge Tveiten starta med fisking alt i 6-7-årsalderen. Han held seg framleis til ferskvatn.
IVRIG: Helge Tveiten starta med fisking alt i 6-7-årsalderen. Han held seg framleis til ferskvatn.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway