Varden

La navnet bli Vestfold og Telemark

Slik det ser ut, blir det altså til at fylka Telemark og Vestfold slår seg saman.

- Arvid A. Syftestad Kviteseid

Så kjem problemet med at storfylket må ha eit namn. Då er det viktig at det blir teke delar eller heile namnet frå båe fylka. Det kan til dømes vera Vest-Tele fylke. Eller Vest-Telemark fylke. Men det går sjølsagt ikkje. Vest -Telemark er bruka frå før som definisjon på dei seks kommunane som ligg vest i Telemark. I eit par år nå har eg vore med i styret for Norges Korforbund. Der har fylka Vestfold og Telemark hatt samarbeid over fylkesgren­sene i fleire år. Men begge fylkesnamn­a har heile tida vore med. Nokon av oss represente­rar Telemark og andre Vestfold. Me er naboar og vel forlikte, men felles interesse i sang. Og namnet er Vestfold og Telemark korforbund Eg ser at Språkrådet anbefalar at om ein skal legge vekt på uttaleforh­old,- så fell det mest naturleg å uttale med Vestfold fyrst. Altså Vestfold og Telemark fylke. Alfabetisk rekkefylge er ikkje så viktig etter mitt syn. Me har mange eksempel på fylke med namn som gjer det lett å finne ut kvar dei er lokalisera. I mange år har me hatt fylkesnamn­a: Møre og Romsdal, Sogn- og Fjordane, Aust-Agder, Vest-Agder osb. Nå er det slik at fleire fylke rundt i landet står framføre det same vanskelege valet som Vestfold og Telemark skal taka stilling til. Å konstruere heilt nye namn er ikkje klok politikk og fører berre til usemje. Mitt klare råd til politikara­ne er å bruke båe fylkesnamn­a og at det nye namnet blir Vestfold og Telemark fylke.

 ?? FOTO: GUNNAR LIER, NTB SCANPIX ?? FELLES SYMBOL?: Først skal Vestfold og Telemark få et felles navn. Deretter bør man kanskje tenke på et felles symbol. For oss med opphav i nåvaerende Telemark finnes det vel knapt et bedre forslag enn Gaustatopp­en...
FOTO: GUNNAR LIER, NTB SCANPIX FELLES SYMBOL?: Først skal Vestfold og Telemark få et felles navn. Deretter bør man kanskje tenke på et felles symbol. For oss med opphav i nåvaerende Telemark finnes det vel knapt et bedre forslag enn Gaustatopp­en...

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway