Varden

NS hadde eiga «gissellist­e»

Nasjonal Samling (NS) hadde ei strengt hemmeleg «gissellist­e» over motstandsf­olk i Telemark.

- BØ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Lista frå 24. februar 1941 er ein av nyheitene i årets utgåve av Telemark Historie, som i år blir gjeve ut for 38. gong. Årets utgåve er nesten i all hovudsak vigdtilNSi­Telemark.

– Telemark og Setesdal var blant NS’ beste område i Noreg, seier Nils Ivar Agøy og Ellen Schrumpf som er redaktørar for årets utgåve.

Dei vil ikkje karakteris­ere fylket som noko «nazireir». Telemark hadde 2.741 NS-medlemmer – eller 1,9 prosent av innbyggjar­ane. På landsplan var talet 1,7 prosent.

Blei graderte

Det er lokalhisto­rikar Ingvar Skobba frå Bø som har presentere­r «gissellist­a» i artikkelen sin. Her blir motstandsm­ennene graderte etter kor farlege og fiendtlege dei var. Heilt øvst står Venstre-høvdingen Neri Valen frå Bø. Han blei karakteris­ert som ein stor oppviglar med stor innverknad. Valen represente­rte Venstre på Stortinget frå 1931-1945 og 1950-54.

Neri Valen, som står på sokkel på Bø Torg, blei arrestert

24. november 1943 da Gestapo og Wehrmacht saman med lokale NS-medlemmer tok ei rad menn i midtre og austre Telemark til fangar.

Bygdefolk i krise

Ved Stortingsv­alet i 1933 stilte NS felles liste med Bygdefolke­ts Krisehjelp. Telemark hadde tre av dei fem kommunane i Noreg der lista fekk størst oppslutnad. Hjartdal låg øvst med 47,4 prosent. Seljord på tredjeplas­s hadde 28 prosent medan lista i Bø fekk ein oppslutnad på 25,3 prosent.

Forfattar Olav Rovde skriv at gjelda på gardane i fylket var forholdsvi­s stor. Han viser her til doktorgrad­savhandlin­ga til avdøde Jostein Nerbøvik, som var lektor ved daverande Telemark distriktsh­øgskule. Konklusjon­en i avhandling­a er at resultatet i 1933 skjedde trass i, ikkje på grunn av, samarbeide­t med NS. Nerbøvik skriv at veljarane gjekk til Bygdefolke­ts Krisehjelp og Olav Lien - ikkje til Quisling som var ein framand fugl.

Redaktør Elles Schrumpf viser elles til artiklar i årboka om splitting både i Knudsen-familien i Porsgrunn og konfliktan­e ved Porsgrunn høgre skule. Sunniva Anlaug Klevar Sørby (20) skriv i ei skuleoppgå­ve om korleis hennar familiemed­lemmer stod på kvar si side under dei mørke krigsåra.

 ??  ?? PROPAGANDA­TUR: Vidkun Quisling og kona Marie på propaganda­tur i Telemark.
PROPAGANDA­TUR: Vidkun Quisling og kona Marie på propaganda­tur i Telemark.
 ??  ?? REDAKTØRAR: Nils Ivar Agøy og Ellen Schrumpf er redaktørar for årets utgåve av Telemark Historie.
REDAKTØRAR: Nils Ivar Agøy og Ellen Schrumpf er redaktørar for årets utgåve av Telemark Historie.
 ?? FOTO: FRÅ BOKA TELEMARK HISTORIE ?? MØTE: Dette motivet er frå eit møte på Hirdhuset i Skien 5. februar 1941.
FOTO: FRÅ BOKA TELEMARK HISTORIE MØTE: Dette motivet er frå eit møte på Hirdhuset i Skien 5. februar 1941.
 ??  ?? LISTA: Her er den strengt hemmelege NS-lista over farlege motstandsf­olk.
LISTA: Her er den strengt hemmelege NS-lista over farlege motstandsf­olk.
 ??  ?? ØVST: Stortingsr­epresentan­t Neri Valen frå Bø stod øvst på den hemmelege lista til Nasjonal Samling over farlege motstandsf­olk.
ØVST: Stortingsr­epresentan­t Neri Valen frå Bø stod øvst på den hemmelege lista til Nasjonal Samling over farlege motstandsf­olk.
 ?? FOTO: RIKSARKIVE­T ??
FOTO: RIKSARKIVE­T

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway