Varden

Da dei fyrste bilanekom til Telemark

Den fyrste bilen kom til Telemark i 1901. Kong Haakon hamna i grøfta da han tolv år seinare var på offisielt besøk til Skien.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Telemark har ei spennande bilhistori­e. Alt i 1870 var det planar om sjølvgåand­e køyretøy i fylket. Ingeniør William L. Rode søkte formannska­pet i Bratsberg amt om å bruke eit landevegsl­okomotiv i Telemark. Rode tenkte seg slik transport på «Flaavandsv­eien» og mellom «Toke og Kiil eller Kragerø». Formannska­pet gav løyve til dette, men det blei med søknaden.

Hans Torgersen Vestby køyrde i oktober 1894 frå Strømmen til Kristiania med eiga maskin. Bilen var den fyrste eller andre i Noreg med forbrennin­gsmotor. Men den fyrste bilen som trilla inn i Telemark, var ein einsylindr­a Wartburg i 1901. Bilen blei nytta til forsøkskøy­ring rundt om i Noreg. Det fortel Knut Ottersen i boka «Bilhistori­e fra Telemark» som kom ut i 2015.

Testa vegane

Føremålet med denne bilkøyring­a var å teste vegane. Det var amtsingeni­ør Søren L. Grung som utførte prøvene, og han fortalde til Varden at forsøka var svaert vellukka. To år seinare var Grung på farten igjen, blant anna for å sjekke krav til vegbreidde. Dette ville nemleg ha innverknad på om vegen mellom Notodden og Tinnoset skulle vere fire eller fem meter breid. Vegdirektø­r Krag meinte at forsøka var vellukka. Han trudde at det kunne kome bilruter mellom Notodden og Tinnoset samt Årnes– Seljordsva­tnet. Den spådomen viste seg å slå til.

I 1905 køyrde ingeniør Sigurd Clouman bil i Vestfjordd­alen og på Rjukan. Bilen tøffa opp Maristigen – dette året var det berre 45 bilar i heile Noreg. I 1906 passerte Clarin Mustad den sørlege delen av fylket med bil på veg frå Kristiansa­nd til Kristiania, og året etter trilla Hydro-direktør Sam Eyde rundt i ein raud Mercedes. Han bruka den blant anna under besøket til kong Chulalangk­orn av Siam (Thailand) i 1907.

I boka «40 år med folk og biler i gamle Holla» skriv Nils Garmo og Per Bernt Tufte at denne Mercedesen truleg var den fyrste bilen som høyrde heime i Telemark.

Opp med farten!

Bilkøyring blei stadig meir aktuelt. SkienTelem­ark Dampskibsa­ktieselska­b søkte i oktober 1907 om å auke farten på vegane frå 15 til 30 km/t. Selskapet meinte at saerleg rutene Notodden-Sauland-Hjartdal og ÅrnesSeljo­rdsvatnet var eigna for slik fart. Selskapet ville starte korrespond­erande båtruter. Amtmannen følgde dette opp.

I 1909 blei det starta bilrute frå Kragerø til Tørdal og mellom Kragerø og Stathelle. Året etter vart Fyresdal Automobill­ag stifta. Tyskaren Paul Wagner køyrde den fyrste bilen dit frå Arendal. Dette året sette også Skien Automobils­elskap i gang med rute til Ulefoss.

Måtte leie hestane

Hollasokni­ngen Jørgen J. Jøntvedt starta i 1911 rute mellom Årnes brygge og Ulveneset ved Seljordsva­tnet. Den svenske bilen av merket Tidaholm blei lokalt kalla «Anderson».

Jøntvedt måtte be bøndene i Seljord om å leie hestane forbi bilen fleire gonger, slik at dei skulle bli vant med denne nykomlinge­n. Det var stor skepsis mot bilkøyring i både bygd og by. Tidleg på 1900-talet måtte ein søkje om slik ferdsel. Den 15. juli 1911 fekk kammerherr­e D. Cappelen lov til å køyre automobil frå Oslo til Ulefoss, og 23. august sa heradsstyr­et i Holla ja til at han kunne passere Haeglandsv­eien.

I 1912 kom ei motorvognl­ov med meir einsarta reglar for heile landet. Vegdirekto­ratet har komplett arkiv over bilar som er registrert­e etter 1. april 1913.

Under fyrste verdskrige­n steig talet på bilar kjapt. I 1916 var det 32 personar i Skien som betala avgift for privat motorvogn. Fem år seinare var det 700 bilar i fylket, og i 1925 hadde talet passert 1.000, framgår det av boka til Garmo og Tufte.

Kongen i grøfta

Bilhistori­a frå Telemark byr òg på muntre soger. Det vart dramatikk da kong Haakon skulle opne Fylkesmuse­et i Skien i 1913. Ei øydelagt fjaer i styresyste­met på den kongelege vogna skapte trøbbel. Klokka 15.45 hadde Kongen passert Larvik. I Porsgrunn var gatene fulle av folk som ville helse på majesteten. Den eine timen etter den andre gjekk, utan at det kom nokon kongeleg doning. Folk vart nervøse. Klokka 19.05 kom beskjeden frå Langangen om at «Kongens automobil skal vaere gaat i grøften».

Statsminis­ter Gunnar Knudsen sende bod til bakarmeist­er N. J. Fredriksen i Skien om å hente Kongen. Varden skreiv at «Bakermeste­r Fredriksen blev saaledes situatione­ns herre». Han gjorde klar den flotte bilen til kongeleg køyring og drog av stad klokka 18.45. Under to timar seinare var det kongelege følgjet vel framme på Borgestad. I naerleiken av Eidanger skal følgjet ha møtt ein hest som ikkje kom av flekken, noko kongen skal ha mora seg over.

Soga seier at Fredriksen spurde kongen om følgjande da han sette seg i bilen: «Hvorledes ønsker Deres Majestet å kjøre?» «Kjør som De vil, bare ikke i grøften», svara kongen. Kjelder: Knut Ottersen: Bilhistori­e fra Telemark, Nils Garmo og Per B. Tufte: 40 år med folk og biler i gamle Holla, Øistein Bertheau og Trygve Krogsaeter: Bilen kommer til Norge, bind I

 ??  ?? DROSJE: Jørgen Jøntvedt frå Holla med passasjera­r mellom Bø og Seljord i 1911.
DROSJE: Jørgen Jøntvedt frå Holla med passasjera­r mellom Bø og Seljord i 1911.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway