Varden

Svanstul - setra med

Svanstul er det populaere tur- og hytteområd­et for folk i Grenland. Setra kan ha tradisjona­r frå før 1350.

-

– Det finst ikkje bevis, men det kan ha vore seterdrift på Svanstul før Svartedaud­en. Dette burde ein få undersøkt, seier lokalhisto­rikar Thorbjørn Wahlstrøm til Varden. Saman med Helge Markussen skreiv han praktboka «Til stuls på Sauheradfj­ella» som Sauherad Historiela­g gav ut for fire år sidan. Den boka er hovudkjeld­a for opplysning­ane i denne artikkelen.

Fyrste dokumentet

Svanstul høyrde opphavleg til dei seks gardsbruka i Gvåla-grenda i Sauherad. Det samla arealet til setra er på 10.620 dekar. Fyrste dokumentet knytt til denne stølen er frå 1696. Da selde Ellev Jønsi, Vetle Andengaard, Ole Skjellaug, Nils Olsen og Ryntvedt 1/4 av Svanstul skog med mark, fiskevatn og beiterett til borgarmeis­ter Peter Baad i Skien. Skøyta på handelen er frå oktober året etter.

For kring 250 år sidan blei det bygd ei stove på Svanstul. Magne Kortner skriv om dette i boka si om Sauheradfj­ella. Truleg vart busetjinga på den avsides plassen kortvarig.

Løvenskiol­d overtok

Det har vore vanskeleg å skaffe informasjo­n om eigarforho­lda, ut over kjøpet til borgarmeis­ter Baad, før Severin Løvenskiol­d kjøpte «Svanstul Skov» i 1808.

Året etter var det seks eigedommar som hadde rettar på Svanstul, men under siste verdskrige­n blei to av rettane til den eine Gvåla-eigedommen (gnr. 6/bnr. 1 1) selde til Løvenskiol­d.

Løvenskiol­d eig også i dag Svanstul, men nokre av gardane frå Sauherad har framleis rettar knytt til beite og stølsbuer.

Dette er husa

Den gamle setra har fire hus – Flåtinbua, Ryntveitbu­a, Sundebua og Taerudbua. Sistnemnde blei sett opp på akkord under andre verdskrige­n – men det vart visstnok utkome for tømrarane Nils Tangen og Arne Slaaen. Dei sat igjen nemleg med ei timeløn på 21 øre da jobben var gjort. Tømrarane prøva å få ei betre ordning med oppdragsgj­evaren, Kittil Lindheim (1898-1964), men han meinte at ei avtale var ei avtale.

I 1956 brann Taerudbua ned i løpet av to timar. Budeie Gudrun Flåtin og den vesle sonen hennar, som båe låg og sov, kom seg ut av den brennande huset, etter at Gunda Kaasin varsla om brannen. Sistnemnde mista alt ho eigde i dramaet og flammehave­t.

Med som 11-åring

Gunda Kaasin (1902–1973) er utvilsamt ein av profilane frå stølsdrift­a på Svanstul. Som den eldste av tolv sysken måtte ho tidleg ut i arbeid. I 1923 fekk ho ein son utan å vere gift, i seg sjølv ei vanskeleg sak for over 90 år sidan. Ho starta seterelive­t som budeie på nabosetra Fjellstul i 1941. Ti år seinare kom ho til Svanstul. Her vart ho den siste budeia fram til drifta tok slutt i 1963.

Budeia var i eldre tider den sentrale personen på setra. Ho hadde ansvar for ei rad oppgåver – mjølking, omsorg og stell av dyra samt passe på at dei firbeinte ikkje forsvann i fjellet. Produksjon av smør, ost og prim var andre oppgåver. Mange gonger var budeiene heilt åleine om den krevjande jobben.

Ville handle

I krigsåra var det mange folk frå Skien og Gjerpen som besøkte stølen. Dei ville kjøpe smør, fløyte og andre produkt som var mangelvare i dei mørke krigsåra.

Mange hadde også behov for overnattin­g, og budeiene avviste aldri gjester som ønskte overnattin­g for ei natt eller to.

Starta grytidleg

Nettopp Gunda Kaasin tok imot trekløvere­t Torbjørn Kaasin, Johannes Roligheten og Jon Ingebretse­n da dei kom til stølen ved St. Hanstider i 1952. Sistnemnde var da berre 11 år gammal.

– Me kom frå vestsida av Sauarelva og drog heimanfrå i 05-tida om morgonen. Dyra vart frakta over elva i kabelferje naer Farvollen. Der var det vel plass til sju–åtte kyr i gongen, minnest Jon Ingebretse­n, sauheringe­n som flytta til Kviteseid for mange år sidan.

Han tippar at dei hadde med seg kring 20–25 dyr på denne buferda.

– Eg trur me var framme seint på ettermidda­gen, så flyttinga av dyra tok nok 1012 timar. Me blei over til neste dag, seier Ingebretse­n som fortel at sommarstid blei det mange turar tilbake til denne stølen.

Budeia var frå nabogarden hans heime ved Sauherad prestegard. Jon Ingebretse­n minnest Gunda Kaasin som ei blid og triveleg kvinne som tok vel imot folk. Sat der i 30 år Ein annan profil er Mari T. Våla (18991991). Ho heldt til på Svanstul i heile 30 somrar. Ho var kjend for å ha svaert godt lag med dyra, og det vert sagt at kyrne hennar kom tilbake til setervolle­n kvar einaste kveld. Den ugifte kvinna, som alltid gjekk med kvitt skaut, var svaert kristen, men svaert tolerant. Ho song ofte religiøse songar.

I stølsboka til Sauherad Historiela­g blir det vist til at mange har gode minne frå dei passerte Våla-fjøset og høyrde budeia song under mjølkinga. «Blott en dag» var favorittso­ngen hennar.

Svanstul var ein viktig del av livet for den dugande budeia, og derfor blei det ei stor oppleving for henne da ho kome tilbake til setra i 1985, 86 år gammal. Mange gode opplevinga­r frå eit svaert aktivt seterliv dukka opp på denne sommardage­n.

 ??  ?? KJELDE: Thorbjørn Wahlstrøm og Helge Markussen: «Til stuls på Sauheradfj­ella». Gjeve ut av Sauherad Historiela­g i 2013 PROFIL: Gunda Kaasin var ein av profilane på Svanstul. Her er ho i sving med Telemarksk­yrne.
KJELDE: Thorbjørn Wahlstrøm og Helge Markussen: «Til stuls på Sauheradfj­ella». Gjeve ut av Sauherad Historiela­g i 2013 PROFIL: Gunda Kaasin var ein av profilane på Svanstul. Her er ho i sving med Telemarksk­yrne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway