Varden

Velfortent pris til Anne

- Eirik Haugen Nyhetsreda­ktør

Denne veka fekk NRK Telemark sin journalist Anne Lognvik Kringkasti­ngsprisen. Prisen har blitt delt ut sidan 1978 og går til ein person som har utmerkt seg med eit god mediespråk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Juryen trekk fram i grunngjevi­nga si at Lognvik med sin støe nynorsk og trygge raulandsdi­alekt har ført det norske språkmangf­aldet til mange heimar i Telemark og i Noreg. Styreleiar i Kringkasti­ngsringen, Guro Kvalnes, kallar Lognvik «eit språkleg førebilete» og meiner ho har synt at dialekten hennar og nynorsk er mediespråk som høver i alle samanhenga­r, Kvalnes meiner at Lognvik er med på å styrke dialekttry­ggleiken i Telemark.

Det er ikkje tvil om at prisen er velfortent. Anne Lognvik er for mange sjølve stemma frå Telemark og det er utruleg mange som har hatt gleda av å høyre henne i fleire tusen reportasja­r på radio og TV gjennom mange år. Lognvik har brukt dialekten frå Rauland konsekvent og sjølv om det alltid er folk som har meiningar om bruken av dialekt på radio, har Lognvik alltid stått støtt i bruken av raulandsmå­let.

Lognvik har sidan åttitalet jobba i NRK Telemark og gjennom denne tida har ho arbeidd på kontora i Seljord og Porsgrunn, samt vore distriktsr­edaktør i NRK Telemark. Ho er ein saers dugelegjou­rnalist som kan faget sitt, men samtidig er ho sjølve stemma frå Telemark. Vi gratulerer med prisen og håper det blir mange år til med reportasja­r og nyheiter frå heile fylket vårt.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway