Varden

Elbil, ikkje berre for byane

- Telemark Venstre v/Marius Skeie

Noreg har forplikta seg til stor nedgang i våre klimautsle­pp fram mot år 2030. Skal me nå desse måla, må me tenke og jobbe smart, raskt og med mange tiltak samstundes.

For «meinigmann» vil denne endringa vere mest knytt opp mot bilkøyring. I store byar er dei viktige tiltaka auka satsing på kollektivt­rafikk. I landlege områder er me heilt avhengige av privatbile­n.

Elbil, hybridbil, bil som går på hydrogen, utvikling av biodiesel for tungtrafik­ken; det blir jobba hardt og intenst på fleire felt for å skape bilar som ikkje er avhengige av å gå på fossilt drivstoff.

Det har blitt skapt eit bilete av at elbil berre er eigna for byane, at denne type bil ikkje er eigna for bilkøyring i distrikta. Slik er det ikkje. Me ventar alle på elbilen som kan gå svaert langt før den må «tankast», og den er no på veg. Men i det daglege er dei faerraste av oss avhengige av å køyre langt kvar dag.

I distrikta pendlar dei fleste med bil til jobb, butikk, fritidsakt­ivitet, og mange familiar er heilt avhengig av å ha to bilar. Elbil eignar seg ypperleg for dei fleste av desse behova i kvardagen.

Det å køyre elbil svarar seg økonomisk i dag. Dersom me skal få ei utskifting av bilparken som monnar, må det svare seg økonomisk for alle som vel å køyre miljøvenle­g. Slik er det i dag, og slik må det også vere i framtida. Det skal vere økonomisk lønsamt å gjere det som er best for miljøet. Telemark Venstre vil halde fram med å jobbe for at det skal svare seg å køyre miljøvenle­g, slik at me får ei heilt naudsynt endring, med framtidsre­tta utskifting av bilparken til bilar som ikkje er avhengige av fossilt drivstoff.

Telemark Venstre vil halde fram arbeidet med å leggja til rette for at antall ladepunkt skal auke i heile Noreg.

 ?? FOTO: SCANPIX ?? IKKJE BERRE STORE: Dei fleste har ikkje bruk for ein stor elbil med lang rekkevidde i det daglege, det held med ein mindre på korte reiser.
FOTO: SCANPIX IKKJE BERRE STORE: Dei fleste har ikkje bruk for ein stor elbil med lang rekkevidde i det daglege, det held med ein mindre på korte reiser.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway