Varden

Det heilage 9-talet

- Reidar Hage

9ereitrart­tal.Eggjekki folkeskule­n nokre ti-år før kalkulator­en var oppfunnen. Tverrsumpr­øva var då ein grei måte for å sjå om svaret på eit reknestykk­je var rett. I den prøva stryk ein som kjent 9-tala.

Idag er det heilt omsnudd. Når sjefane i dei store butikkjede­ne strevar og reknar for å finna ut kva dei må ta for ei vare, så sluttar prisen merkeleg nok alltid opp med eit 9-tal. Kr 4999,-, kr 99,90, kr 9,99 osv. Av og til,

slik ein ti-tolv gonger i året, vil dei hjelpa på den skrale økonomien til kundane sine, og kjem då med ekstra gode tilbod.. Avslag på 20%, 30%, 50%. Men same kva den tidlegare prisen var, og same kva avslagspro­sent, så endar alltid dei nye tilbodspri­sane au på eitkvart med sluttalet 9. Underlege greier, men

dette syner at BI-utklekte økonomar med store kalkulator­ar har små vanskar med å vrengja gamle matematisk­e lover. Det åttande bodet er truleg heller ikkje pensum for dei som reknar «tilbodspri­s», samanlikna med «tidlegare pris»». Ein eller annan

stad er det vedteke at alle skal tilbe det heilage 9-talet på ein eigen høgtidsdag. Dagen då 7,4 milliardar menneske på jorda i flokk og fylgje skal strøyma til kjøpesente­r og butikkar for å kasta seg over tilbodsvar­ene, alle riv og slit i klesplagg og dukar, knuser glastøy og serviser, veltar reolar, og kranglar med kvarandre. I kveldinga slepar

me oss heimover, med blå stortå og kloremerke­r i andletet, nedlessa av ting me slett ikkje treng. (Men det er då for dumt ikkje å nytta høvet når ein ser at ei vare vert seld med heile 50% avslag i prisen!). Tomt kredittkor­t og tom lommebok. Denne nye festdagen heiter difor blakkfrida­gen, og skal kvart år feirast ein fredag i slutten av november. Det er litt knapp tid, men dei fleste småskramme­ne bør vera grodd innan joleftan.

 ?? FOTO: LISE ÅSERUD, NTB SCANPIX ?? FREDAGSHAN­DEL: Køene var lange og kampen om godbitene hard mange steder på den store handledage­n «Black Friday».
FOTO: LISE ÅSERUD, NTB SCANPIX FREDAGSHAN­DEL: Køene var lange og kampen om godbitene hard mange steder på den store handledage­n «Black Friday».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway