Varden

Dette er heltane ved Seljordsva­tnet

Dei brukar timevis av både kvardag og helg for å hjelpe andre i nød.

- SELJORD ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Veldig hyggjeleg med påskjøning­a, men denne kringla vil me gjerne dele med resten av leitemanns­kapa i Telemark. Det er forresten blitt meir vanleg at korpsa i fylket hjelper kvarandre ved aksjonar, seier Kenneth Haugland og resten av den flotte gjengen i Seljord Røde Kors.

Dramaet på vatnet

Eit lag som forresten akkurat har runda 70 år, og som i 2018 kan feire 30 år i eit solid bygg i hovudsak ført opp på dugnad det også.

Det er Solveig Brekke i Bø som meiner at redningsma­nnskapa fortener julekringl­e frå Varden, etter den dramatiske ulykka på Seljordsva­tnet torsdag 12. oktober. Ein laerar og to flyktninge­levar omkom i den ufattelege tragedien.

Eigen sekk klar

Klokka 14.15 denne skjebnesva­ngre torsdagen gjekk alarmen om at tre menneske var sakna etter båtvelt på Seljordsva­tnet. I løpet av dei fire dagane deltok Seljord Røde Kors med eit mannskap på 28 som igjen la ned 314 dugnadstim­ar for å finne dei tre sakna.

– I ein slik situasjon tenkjer ein på å hjelpe og leite. Når ein køyrer til åstaden, er det greitt å tenkje litt på kva som kan vere den verst tenkjelege utgangen. Under aksjonen går det på autopilot. Nøkkelen er å kjenne sine sterke og svake sider og bruke folk på det dei er gode til, seier John Olav Haugetuft og med- spelarane hans. Dei har alle ein eigen redningsse­kk ståande klar for utrykking.

– Det spesielle denne gongen var dei tre menneske som låg i vatnet. Da står det om minutt og sekund. Vanlegvis har me langt betre tid, legg veteranen Geir Venås til.

Med i 53 år

Han har fartstid i Seljord Røde Kors sidan 1964 og kan - saman med resten av gjengen rundt bordet - fortelje om stort engasjemen­t og eit godt sosialt miljø. Dei aktive medlemmene er frå 22-70 år.

Midt under aksjonen på Seljordsva­tnet måtte dei også sende ei patrulje til Skorvefjel­l, etter to sakna personar.

– Det er stor vilje til å stå på, enten det er laurdagskv­eld eller ein kvardag. Og arbeidsgje­varane våre viser stor forståing for å gje fri for denne dugnadsinn­satsen, seier karane i eit lag som kan skilte med god økonomi.

Kvar onsdagskve­ld er dei på plass i den flotte garasjen i Seljord sentrum for blant anna å klargjere og vedlikehal­de utstyret til nesten gong alarmen går.

 ??  ?? AKTIVE: Terje Nordstoga (f.v.), Trond Johnsen, Jon Aasan, Knut Inge Skoland, Geir Venås, John Olav Haugetuft, Ole Dyrland, Stein Arne Flatland, Kenneth Haugland og Arne Barstad er alle aktive i Seljord Røde Kors.
AKTIVE: Terje Nordstoga (f.v.), Trond Johnsen, Jon Aasan, Knut Inge Skoland, Geir Venås, John Olav Haugetuft, Ole Dyrland, Stein Arne Flatland, Kenneth Haugland og Arne Barstad er alle aktive i Seljord Røde Kors.
 ??  ?? GODT MILJØ: Geir Venås (f.v.), Jon Olav Haugetuft og Ole Dyrland opplever eit godt sosialt miljø i laget. – Ein fantastisk gjeng, seier Venås.
GODT MILJØ: Geir Venås (f.v.), Jon Olav Haugetuft og Ole Dyrland opplever eit godt sosialt miljø i laget. – Ein fantastisk gjeng, seier Venås.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway