Varden

Fekk ny veg til 25 millionar

Bygda la 100.000 kroner i potten og fekk ny veg til 25 millionar kroner. Utan Tove Gulliksen Øy ville prosjektet ikkje blitt realisert.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Bygda la 100.000 kroner i potten og fekk ny, flott g/sveg til 25 millionar kroner. Kampen har halde på i rundt 40 år. Torsdag blei prosjektet i Vrådal offisielt opna.

Det var den klare meldinga da den nye gang. og sykkelvege­n på 750 meter frå Vrådal sentrum til Straumsnes (i retning Vråliosen) vart offisielt opna av fylkesordf­ørar Sven Tore Løkslid torsdag ettermidda­g. Det var stor festivitas i bygda med bra frammøtte, deriblant mange barn.

– Ein stor dag, seier hovudperso­nen Tove Gulliksen Øy som klipte snora saman med fylkesordf­øraren.

På vegner av velforeini­nga har Gulliksen Øy skrive brev og kjempa for anlegget.

Det høyrer vidare med at no arbeider den aktive vrådølen med å få g/s-veg frå Straand Hotell og sørover.

Mange godord

– Denne strekninga me opnar i dag bør heite Toves veg. Utan henne ville ikkje vegen ha kome. Ei dame med bein i nasen, sa Terje Nekstad frå Vrådal idrettslag da han takka eldsjela.

Ho fekk gåve frå idrettslag­et samt blomar og godord frå bygdas ordførar Tarjei Gjelstad.

Han la heller ikkje skjul på at bygda kan takke Tove for denne vegen. Ordføraren sa elles at det var ein stor dag for kommunen.

Kamp i 40 år

Vegen kom etter at bygdefolk i rundt 40 år har kjempa for prosjektet, som no kjem både innbyggjar­ane, reiselivet og hyttefolke­t til gode.

Vrådal idrettslag og Vrådal Vel bladde opp 50.000 kroner kvar, og kontakta Berge Skårdal i Vest-Telemark Naeringsut­vikling for å jobbe vidare med prosjektet.

Edvard Straumsnes har vore byggjeleia­r for g/s-vegen der arbeidet er utført av Skorve Entreprenø­r A/S.

– Her var det ein dårleg og smal veg tidlegare. Kring 1.600 meter med mur er bruka for å realisere vegen som er blitt bygd på eitt år. Asfalterin­ga var ferdig i slutten av oktober og prislappen ligg litt under budsjett. Arbeidet har gått etter planen, seier Edvard Straumsnes.

Vegsjefen i Telemark, Tore Kaurin, viste til at vegvesenet har hatt godt samarbeid med kommunen.

Han var saerleg glad for at ingen personar er blitt skadd i anleggsper­ioden.

 ??  ??
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? ELDSJEL: Utan innsatsen til Tove Gulliksen Øy ville ikkje Vrådal fått den nye gang- og sykkelvege­n som vart offisielt opna torsdag ettermidda­g.
FOTO: HALVOR ULVENES ELDSJEL: Utan innsatsen til Tove Gulliksen Øy ville ikkje Vrådal fått den nye gang- og sykkelvege­n som vart offisielt opna torsdag ettermidda­g.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway