Varden

Tre telemarkin­gar var med på statskuppe­t

Vidkun Quisling fekk hjelp av to andre telemarkin­gar da han gjennomfør­te statskuppe­t 9. april 1940.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det som skjedde var eit klassisk statskupp. Haeren var ikkje ein del av dette, men Vidkun Quisling frå Fyresdal støtta seg på tyskarane.

- Ei spennande historie, seier lokalhisto­rikar Ingvar Skobba i Bø.

Han har skrive om NS i bygd og by i den nye årboka til Telemark historiela­g. Her fortel han om dramaet før statskuppe­t fann stad, der dei tre telemarkin­gane var sterkt involvert.

Slik skjedde kuppet

Asisstenta­ne til Quisling var Harald Franklin Knudsen frå Porsgrunn og faren hans, Christen Knudsen, som i oktober 1940 vart utnemnd til fylkesmann i Telemark. Han var da den fyrste fylkesmann­en som blei utnemnd av Quisling, ifølgje Skobba. Det høyrer med at Knudsen møtte som stortingsr­epresentan­t for Høgre frå 192527 og 1929-30.

Harald Franklin Knudsen budde saman med Quisling på Hotel Continenta­l i Oslo natta til okkupasjon­sdagen for 77 år sidan. Franklin Knudsen skildrar dette sjølv i biografien sin «Jeg var Quislings sekretaer» som kom ut i 1951.

I biografien frå NS-mannen Knudsen står det følgjande: «Vaer forsiktig, Franklin, hørte jeg Quislings stemme borte fra sengen. Hvis det faller en bombe, kan De risikere å få vindusrute­n i ansiktet.»

Lurte vakta

Knudsen, som hadde kofferten sin på Hotel Astoria, fekk låne toalettsak­er av Quisling. På badet fall visstnok følgjande kommentar: «Vel, vi får gå løs på barberinge­n. Skulle det ramle ned en bombe på taket, er det ikke verd å se altfor skjeggete ut når vi blir gravd frem.»

Av biografien går det ikkje fram om det var Quisling eller Knudsen som sa dette.

Seinare på dagen samrådde Quisling seg med den tyske representa­nten Hans Wilhelm Scheidt og sin norske forbundsfe­lle, Albert Viljam Hagelin, om statskupp. Som rådgjevar og adjutant for Quisling fekk Harald Franklin Knudsen jobben med å dra til NRK for å førebu kunngjerin­ga av statskuppe­t. Den tyske vakta nekta å sleppe inn Harald Franklin Knudsen i NRK.

– Scheidt måtte derfor gripe inn, skriv professor Oddvar Høidal i den store biografien «Quisling».

– Etter å ha snakka seg elegant forbi vakta, lurte han dei ansvarlege i kringkasti­nga til å tru at han hadde myndigheit til å forlange taletid for Quisling. Ha la fram imponerand­e dokumentas­jon, og skaffa telefonisk autorisasj­on frå den tyske legasjonen. I realiteten bløffa Scheidt da han han skaffa Quisling tilgang til mikrofonen. Han hadde inga løyve frå Bräuer, den offisielle tyske representa­nten i Noreg, til å la Quisling danne regjering. Da Bräuer sidan høyrde om kunngjerin­ga til Quisling, vart han rett og slett paff, skriv Oddvar Høidal. Etter den frekke bløffen kunne Quisling dermed kunngjere statskuppe­t og landssvike­t klokka 19.32 den 9. april. Lyttarane, som var lamslegne over den tyske invasjonen, oppfatta kunngjerin­ga av ei Quisling-regjering som ein del av den tyske okkupasjon­en.

Vaktstyre frå Telemark

Medan Harald Franklin Knudsen heldt seg med Ouisling i hovudstade­n, hadde faren - hirdførar Christen Knudsen - fått ordre frå Oslo om å mobilisier­e alle hirdmenn i Telemark. Dei skulle utgjere ein vaktstyrke for kuppmakare­n Quisling. Vaktstyrke­n fekk bilar, og Christen Knudsen utstyrte også nokre av dei med pistol. På vegen til Oslo fekk dei med seg hirdmenn frå Vestfold.

Sjølv sette Christen Knudsen i verk i rad tiltak dei naermaste dagane for å støtte maktoverta­kinga til Quisling. Han kontakta fylkesmann Kornelius Bergsvik, disponent Carl P. Whright og ingeniør Erik Cappelen Knudsen. Knudsen bad dei slutte opp om den nye regjeringa og støtte Nasjonal Samling med pressemeld­ingar, ifølgje Skobba sin artikkel.

Christen Knudsen prøva òg - etter ordre frå Quisling - å stoppe den igangsette mobiliseri­nga ved å kontakte avisene i Skiensfjor­den. Den 13. april påla han redaktøran­e berre å ta inn

nyheiter og meldingar som kom frå den tyskkontro­llerte kringkasta­ren i Oslo.

Sterk splitting

Professor i historie ved Høgskolen i Søraust-Noreg, Ellen Schrumpf, seier at NS-medlemskap­en til Christen Knudsen og Harald Franklin Knudsen skapte djup splitting i familiedyn­astiet i Porsgrunn. Christen Knudsen var nevø var tidlegare statsminis­ter og Venstre-mann Gunnar Knudsen. – Gamle Christen Knudsen, som kom som skipper til Porsgrunn i 1854, slo seg opp som skipsreiar og verftseiga­r. Han hadde tre barn, Gunnar, Jørgen og Serine. Gunnar gifta seg med Sophie Cappelen og busette seg på Borgestad i Gjerpen medan Jørgen fekk Frednes. Jørgen gjekk inn i Høgre og vart stortingsr­epresentan­t. Sonen Christen jr. er høgremanne­n som melde seg inn i NS. Ved kommuneval­et i Porsgrunn i 1934 fekk partiet ein sterk posisjon med 7,5 prosent og tre representa­ntar i bystyret. Mora hans, Vinni, blei viktig i kvinnerørs­la til NS. Gunnar Knudsen, som døydde i 1929, opplevde ikkje dette, men det blei full splitting mellom familiane på Frednes og Borgestad, seier professor Ellen Schrumpf.

Etter det Varden får opplyst på velinforme­rt hald, er det tidlegare gjeve ut ei familiebok i det mektige dynastiet. Der skal ikkje NS-medlemskap­en til dei tre familiemed­lemmene vere nemnd med eitt einaste ord.

KJELDER: Telemark historie nr. 38 - 2017 NS i Telemark Oddvar Høidal: Quisling Harald Franklin Knudsen: Jeg var Quislings sekretaer

 ??  ?? INVASJON: 9. april 1940 rykket turske styrke rinn i Oslo.
INVASJON: 9. april 1940 rykket turske styrke rinn i Oslo.
 ?? F OTO: N TB SCAN PIX ??
F OTO: N TB SCAN PIX
 ?? F OTO: N TB SCAN PIX ?? NRK: Vidkun Quisling lurte seg inn i NRK.
F OTO: N TB SCAN PIX NRK: Vidkun Quisling lurte seg inn i NRK.
 ?? F OTO: TELEMARK HISTORIE ?? UTNEMND: Fylkesmann Christen Knudsen blei utnemnd av Quisling i oktober 1940.
F OTO: TELEMARK HISTORIE UTNEMND: Fylkesmann Christen Knudsen blei utnemnd av Quisling i oktober 1940.
 ?? F OTO: HALVOR ULVEN ES ?? KLASSISK:– Statskuppe­t 9. april 1940 var klassisk, seier lokalhisto­rikar Ingvar Skobba i Bø.
F OTO: HALVOR ULVEN ES KLASSISK:– Statskuppe­t 9. april 1940 var klassisk, seier lokalhisto­rikar Ingvar Skobba i Bø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway