Varden

Bø får nytt anlegg til 150 millionar

I april/mai bli spaden sett i jorda for ny kunnskapsp­ark i Bø.

- BØ

Det opplyste ordførar Olav Kasland (V) i juletala si til kommunesty­ret måndag kveld.

Parken blir på 8.000 kvadratmet­er. Arealet skal delast i to - den eine delen omfattar naeringspa­rk og den andre 120 nye studenthyb­lar. Ifølgje ordføraren skal jobben no sendast ut på anbod, og planane vil bli presentert om kort tid, kanskje før jul.

Svaert stor interesse

– Dette er noko av det store som har skjedd i Bø etter etablering­a av høgskulen og Sommarland. Investerin­ga blir på minst 150 millionar kroner, seier ein glad ordførar til Varden.

Han opplyser at det er veldig stor interesse for å leige areal i naeringspa­rken, og at slike satsingar skapar auka attraktivi­tet.

Løft for hotellet

Kasland er heller ikkje i tvil om at 120 nye, flotte studenthyb­lar vil gjere Bø som studiestad enda meir populaer. No har bygda temmeleg nøyaktig 3.000 studentar. Kunnskapsp­arken er planlagt i området ved Bø Hotell.

– Denne realiserin­ga av parken betyr eit løft for Bø Hotell som er svaert viktig for lokalsamfu­nnet, høgskulen og Telemarksf­orsking, understrek­ar ordførar Olav Kasland.

Lite rokeringar

Den store saka i kommunesty­ret måndag kveld var budsjett for 2018 og økonomipla­n for dei fire neste åra. Av eit budsjett på kring 390 millionar kroner vart det flytta på under ein promille i formannska­pet i forhold til framlegget frå rådmannen. Blant endringane var blant anna lågare satsar på skulefriti­dsordninga. Kommunesty­ret slutta seg til den samrøystes innstillin­ga frå formannska­pet.

– Noko av styrken til Bø er politisk semje og at me dreg saman, understrek­a Venstre-veteranen Bergit Askildt Myrjord. Karin Hagen (Ap) var svaert godt fornøgd med reduserte SFO-prisar.

Ho opplyste at fleire foreldre har kutta ut ordninga fordi den er for dyr.

Skal vurdere solcellean­legg

Oppgraderi­ng av kommunehus­et er den store posten i investerin­gsbudsjett­et. Ingebjørg Ø. Nordbø frå Miljøparti­et dei grøne fekk heile kommunesty­ret med på ein uttale om at administra­sjonen vurderer installeri­ng av solcellepa­nel.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? LØFT: Kunnskapsp­arken på 8.000 kvadratmet­er kjem i tilknyting til Bø Hotell. Spaden blir sett i jorda i april/mail, ifølgje bygdas ordførar Olav Kasland.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES LØFT: Kunnskapsp­arken på 8.000 kvadratmet­er kjem i tilknyting til Bø Hotell. Spaden blir sett i jorda i april/mail, ifølgje bygdas ordførar Olav Kasland.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway