Varden

Stem nei til privatiser­ing

- Sveinung Børte

Nå er det igjen den årstida da rådmannen jaktar på dei siste kronene for å få budsjettet i balanse.

Stakkars mann. Pengebinge­n må vaera bånnskrapa når han tyr til så upopulaere tiltak som å ville stenge Ribo og Lundetunet i fjor. I år er det kommunale vegar i grisgrendt­e strøk som skal privatiser­ast. Finn han ikkje betre stader å hente pengar burde han legge fram eit budsjett med underskot.

Privatiser­ing av kommunale vegar utenom sentrale strøk vil skaffe litt over ein million kroner. Det utgjer mindre enn ein halv prosent av budsjettet. Omtrent det samme som ei stilling i administra­sjonen. Dette er marginalt, men skaper stor uro saerleg blant eldre i utkantane.

Rådmannen argumenter­ar med at Nome har meir kommunale vegar enn bygdene omkring. Det burde han vera stolt av.

Litt historie: Rundt 1960, før sammenslåi­ng av Holla og Lunde fekk gamle lensmann Sigmund Straume som da var formann i teknisk utvalg ein god ide. For å rette opp litt av ulempene ved å bu utafor sentrale strøk, fekk han gjennom ei stur utviding av kommunale vegar. Krav var at avstand til offentleg veg var minst 300 meter og 4 husstandar langs vegen. Ved kommunesam­menslåinga blei vegane i Holla løfta opp på Lundes nivå. Derfor har me meir kommunale vegar i Nome enn i nabokommun­ane.

Rådmannen skriv og at kommunal veg kan virke urettferdi­g for naboar med privat veg. Å rette opp ein urett, er ikkje å ta fra nokon eit gode som kommunal veg er, og som alle i sentrale strøk har. Me burde heller løfte opp dei som har krav på det til samme nivå. Altså burde Nome ha meir kommunal veg.

Eg skal spare dekkan for andre ulemper med privatiser­ing. Det har andre gjort på ein ypperleg måte, f.eks ekteparet Løvskeid, Bernt Brustad og Ole Moen. Det dei har sagt om privatiser­ing sluttar eg meg til.

Det er ofte lettvint og dumt å vera etterpåklo­k. Eg ber likevel om lov til å gjenta det eg skreiv før avstemming­a om storkommun­e: «Stemmer du nei til Midt-Telemark, stemmer du samtidig ja til magre år for Nome».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway