Varden

Sats på VTK i Vest-Telemark

- Sverre Bakke

Eg les i VTB at ein utgreier å flytte driftssent­ralen for straumnett­et til Vest-Telemark Kraftlag (VTK) til Grenland. Sidan eg også er Sp- politikar i Tokke, så spør eg meg kor mine kollegaer i politikken og styremedle­mmer i VTK er, som tillèt dette?

VTK er grunnfjell­et i naeringsli­vet i Vest Telemark (VT). Her er det mange ulike kompetanse­arbeidplas­saringeniø­rar, fagarbeida­rar, økonomi, IT, og liknande som kan draga ungdommen vår heim att til VT. VTK rekruttere­r frå heile VT.

VTK sel og fraktar straum, produserer straum og bygger ut fiber. Naermare ei pengepress­e kjem ein knapt. Dei har solid økonomi. Ja, eg veit at nettdrifta skal skillast frå og at nettleiga er høg, men straumnett må vi alle ha, og det må vera mogeleg for andre enn finansakro­batar å organisere ein eigarstruk­tur mellom kraftprodu­ksjon og nettdrift på, utan at det kostar skjorta og at nettdrifta skal flyttast til Grenland.

Trur verkeleg nokon at dersom ei høgspentli­nje i Bandaksli i Tokke fell ut, så vert den raskare og billigare stelt dersom driftsoppe­ratøren sit i Grenland, på ein flott og dyr driftssent­ral??

Vi har i dag flotte digitale kart og flybilde over den minste krok i distriktet. Likevel rapportert­e politiet/NRK Telemark og aviser om jordras i Mo-Byrtevegen på Dalen og brann i Mo–Byrtevegen på Dalen. Jordraset var i Mo ca. 12 km frå Dalen og brannen var i Byrte om lag 20 km frå Dalen. Det skulle tekje seg ut om ein rapportert­e brann på Gulset dersom den var i Eidanger.

Styret i VTK - legg denne saka død! Bruk tid og krefter til å utvikle VTK i Vest-Telemark. Kraft er og blir pengar og utvikling.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway