Varden

VIL KRF LEGGE NED FYRESDAL FENGSEL?

- Vidar Toreid Bygland

Varden hadde nyleg reportasje om ein 57 år gammal sørlending som endeleg hadde fått skikk på livet sitt etter eit opphald ved det opne fengselet i Fyresdal. God hjelp til dette hadde han fått både av personalet og av bygdefolk som stadig stiller opp for fangane. Han sjølv var ikkje religiøs, men hadde fått så mykje støtte frå prostidiak­onen og andre i kyrkjelyde­n at han, som takk for hjelpa, saman med sin muslimske medfange Nasser hadde teke på seg å vaske ned to kyrkjer i Fyresdal.

Det tradisjons­rike fengselet på Kleivgrend i Fyresdal utmerkar

seg med trivsel og gode resultat for dei innsette og har samtidig rimelege driftskost­nader. Likevel fekk regjeringa med seg KrF og Venstre på ein merknad i revidert statsbudsj­ett om å legge ned fengselet når dei nye plassane i Froland og Evje står ferdige.

I Vest-Telemark har mange ei kjensle av at dei 28 soningspla­ssane i Fyresdal skulle ofrast i ein hestehande­l for å få dei 40 nye opne plassane i Evje.

I sommar prøvde eg å få svar frå Kjell Ingolf Ropstad, då i justiskomi­téen, om han ville arbeide for å oppretthal­de fengselet i Fyresdal, men fekk berre til svar at saka ikkje var endeleg avgjort.

No når KrF har fått gjennom både laerarnorm og sukkeravgi­ft, bør dei kunne ta seg tid til å vurdere fengselet i Fyresdal på nytt. Dette er viktig både for kriminalom­sorga i Noreg og for 20 arbeidspla­ssar i den vesle utkantkomm­unen Fyresdal.

Resten av opposisjon­en på Stortinget har alt lova å støtte fengselet, noko som tyder at KrF sitt standpunkt vil vere tunga på vektskåla. For dei har vel ikkje alt lova Høgre og Framstegsp­artiet å gå inn for nedlegging?

Kva meiner Telemark KrF?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway