Varden

Signerte ny Nav-avtale

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Tre blide ordførarar signerte avtala om Nav-samarbeid i midtfylket.

– Ein stor dag, seier fylkesarbe­idssjef Terje Tønnessen. Samarbeide­t betyr at Bø blir vertskommu­ne, men Nome beheld dagens kontor. Folk i Sauherad vil også få eit tilbod på Akkerhauge­n.

Fjerde største

Den nye organisasj­onen får totalt 38 tilsette - 17 av desse jobbar på Ulefoss.

– Nav Midt-Telemark blir det fjerde største kontoret i Telemark, på line med Notodden. Dette samarbeide­t vil gje oss meir kraft og kompetanse. Samarbeide­t i midtfylket kan utløyse diskusjona­r om samarbeid andre stader, opplyser fylkesarbe­idssjefen vidare.

Nome-ordførar Bjørg Tveito Lundefaret (Ap) seier at denne saka handlar om å finne dei gode løysingane.

Sikrar gode tilbod

– Dette er eit bra tiltak og eit godt grep. Dette sikrar eit godt tilbod til innbyggjar­ane, noko som er viktig, seier Nome-ordføraren.

Det var diskusjon i Nome kommunesty­re tidlegare i haust, og ordføraren seier at det ikkje er stor vilje til å flytte alt til Bø. Ho viser til at det er viktig for ein kommune å behalde offentlege arbeidspla­ssar.

Kjem nedanfrå

Kollega Olav Kasland (V) smilte også breitt etter at avtala vart signert onsdag føremiddag.

– Ønsket om samarbeid kjem frå dei tilsette. Dette sikrar gode fagmiljø. I dag er det eit sårbart miljø, der det vert meir og meir spesialise­ring, seier Kasland.

Ordføraren seier at han sjølvsagt er fornøgd med at Bø får hovudkonto­ret. Ballen med samanslåin­g av Navkontora byrja å rulle da kommunane Bø og Sauherad valde å gå saman til ein kommune. Kasland viser elles til at samanslåin­ga av Notodden og Hjartdal for kring ti år sidan vart ein suksess.

Ordførar Mette Haugholt (Ap) i Sauherad seier at det no handlar om å kunne gje innbyggjar­ane dei gode tenestene.

– Eg trur dette vil fungere bra, seier ho.

Snart tilsetjing

Arbeidet med å finne ny sjef for Nav Midt-Telemark er i full gang. Terje Tønnessen seier at det er mange gode søkjarar, og at det vert ein ny intervjuru­nde 2. januar. Han håpar at tilsetjing­a kan skje i løpet av januar 2018.

– Dette er ein viktig og krevjande jobb. For Nav er jobb nummer ein å få fleire ut i jobb. Me ønskjer oss meir kraft mot arbeidsliv­et. For ungdommen er det viktig å fullføre vidaregåan­de skule og få fagbrev. Elles er det mykje verre å få seg jobb, seier Terje Tønnessen.

Nav opplever kraftig nedgang i besøket på kontora sine, noko som blir forklart med at etaten har gode digitale og brukarrett­a løysingar. ▶

 ??  ?? FORNØGDE: Bjørg Tveito Lundefaret (f.v.), Olav Kasland og Mette Haugholt signerte avtala. Bak fylkesarbe­idssjef Terje Tønnessen.
FORNØGDE: Bjørg Tveito Lundefaret (f.v.), Olav Kasland og Mette Haugholt signerte avtala. Bak fylkesarbe­idssjef Terje Tønnessen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway