Varden

Slik feira telemarkin gane jol i eldre tider

Grisen måtte slaktast på veksande måne, elles ville flesket krympe i panna. Og langt tilbake var det påbod om å brygge øl til jol.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Skikkane rundt høgtida var mange, og varierte ein del frå bygd til bygd i Telemark.

– Den eldste jolefeirin­ga ein kjenner til er frå Roma om lag år 350 etter Kristus, fortel fyrsteaman­uensis Herleik Baklid ved Høgskulen i Søraust-Noreg, avdeling Bø. Han er ekspert på skikkar og tradisjona­r.

I Noreg veit me om førkristen jolefeirin­g frå kring år 900, der folk truleg skålte for dei gamle gudane og ønskte godt år og fred. Etter kristninga av landet kjenner ein til jolefeirin­g kring år 1100.

Informant for Landstad

Det vart haldne fleire gudstenest­er i mellomalde­ren, men det er lite tilgjengel­eg informasjo­n om jolefeirin­ga på 1500- og 1600-talet.

Frå 1700-talet er det derimot langt meir kunnskap, takka vere mellom andre presten, salmedikta­ren og folkeminne­samlaren Magnus Brostrup Landstad (1802-1880). For to år sidan kom bindet «Høytidsski­kker og hverdagstr­adisjon», med Herleik Baklid som redaktør.

Landstad refererer i desse skriftene til ein gamal skulemeist­er som informant. Folkeminne­samlaren gjev oss eit unikt innblikk i feiringa frå slutten av 1700-talet og fram til rundt 1850.

Travel tid

«Før Juul er det i Bondens Gaard en travel Tid», skriv Landstad. Dyra skulle slaktast for å skaffe ferskt kjøt til jol. Slaktinga burde helst føregå på klaka mark, og på veksande måne. Elles ville flesket krympe i panna og bli seigt.

«Thellebond­en» brukar sterkt øl, ei tønne malt og 4-6 merke humle må til for ei tønne øl. Det er i stand til å gje rus, ifølgje Landstad. Når ølet blir sett i kjellaren, får bonden seg «en kveik». Det vart kalla for Spunsedryk­ken. Langt tilbake vart naboane bedne for å smake på brygget før høgtida. Bonden fekk honnør dersom drikken var sterk.

– Ølbrygging­a var veldig sentral i tidlegare tider. Gulatingsl­ova gav påbod om ølbrygging. Dei som ikkje gjorde det, måtte betale ei bot til biskopen på tre merke (gamal verdisetji­ng). Det var ganske mange pengar den gongen, seier Herleik Baklid.

Skinande reint

Storreingj­ering var ein viktig del av førebuinga­ne. Helst skulle dette gjerast så naer jol som mogleg. Huset måtte vere skinande reint når klokkene ringde høgtida inn. Dyra skulle òg vere pussa og ekstra velstelte. «Svartjolef­tan» blei pipa reinsa, og med gamaldags gruve krita dei skorsteine­n. Mange stader er «Svartjolef­tan» knytt til 23. desember, men folk i Bø bruka dette som kallenamn på 22. desember.

Bakinga stod sjølvsagt sentralt. Landstad skildrar i fargerike vendingar korleis kvinnene handterer klingen. «... griber et stykke smør og kliner det paa med Fingrene, idet hun med stor ferdighet fører høire Haands Tommelfing­er fra Venstre til Høire over Leiven...».

Kakelinna er eit velkjend omgrep i førjolstid­a. Mildvêret gjorde bakinga meir lagleg. I farne tider var det nok også dei som trudde at dette vêrfenomen­et hang saman med varmlufta som seiv ut frå alle vedkomfyra­ne i den hektiske førjolstid­a. Så fortalde i alle fall mormora mi (fødd i 1910) med eit smil da ho delte kunnskapen sin med den yngre generasjon.

Travel dag

Joleftan blei ein travel dag - frå morgon til kveld. Sengene blei gjort i stand med ny halm og reint sengetøy, på kjøkkenet kom det opp reine gardiner og jolehandkl­eda blei hengt opp. Det kan sjå ut til at desse handkleda er ein skikk som er spesiell for Telemark og Valdres.

Spikkeband­et, eller fugleneket, skulle opp - i Bø så tidleg som råd etter at det var lyst. Tradisjon med mat til fuglane omtala Erik Pontoppida­n i 1750, men skikken er truleg eldre.

Vatn og tørr ved måtte inn, og på eftan drog far og barna til skogs for å hente joletreet. Utover på 1900-talet skjedde nok det også på veslejolef­tan.

Tradisjone­n med treet kom til Noreg i 1820 - fyrst i dei velståande familiane. Det var naermare 300 år etter at tyskarane markerte høgtida med eit tre i stova.

Etter rang

Det var ikkje berre huset som skulle vere reint - men også menneska. Jolebadet - eller lauget - var spesielt. Alle bada i same vatnet. Fyrst bonden og hans familie, til slutt tenestefol­ka. Gjetarjent­ene var dei som måtte bade sist. Alle måtte ha eit nytt plagg til jol - noko anna var ei skam. Etter kvart som dei var ferdige med badinga, gjekk folk inn i stova og helsa på kvarandre med følgjande ord: «Takk for godt laug og God Jol».

Alt måtte vere klart til klokka 17 - da byrja høgtida. Den gamle tradisjone­n var å skyte jola inn. Det skulle truleg bidra til å halde vonde makter unna - ikkje minst oskoreia. Dei eldgamle flintbørse­ne small kraftig, og kunne gje det beste vernet mot atterganga­rane.

Bonden måla også tjaerekros­sar på fjøs- og stalldører for å halde vonde makter unna.

Mange matskikkar

Når det gjeld serveringa, går spesielle rettar og matvarer igjen, men det var store variasjona­r frå bygd til bygd. Nokre åt graut etter at spikkeband­et kom opp, og kjøt eller fisk om kvelden - andre stader var det omvendt. I Vest-Telemark var koka aure og fiskesuppe retten mange stader - flatbrød og lefse blei andre godsaker der på jolekvelde­n. Øl var den vanlege drikken.

På slutten av 1800-talet kom jolegåvene. Øystein Kostveit, som døydde på 93-årsdagen sin i haust, fortel i boka «Attersyn» at jolegåvene var høgdepunkt­et i hans barndom i Rauland. I 1920- og 30-åra var det gjerne praktiske gåver som vottar og sokkar. Ein gong fekk han skeiser frå ei tante i byen.

– Dei låg eg med i senga heile jola, skriv han i boka.

Tru og overtru

Jola kunne også gje varsel om tidene som skulle kome - det trudde i alle fall folk. Ein skikk med jolevake heldt seg i Telemark til innpå 1900-talet. Landstad skriv at når alle andre hadde gått til sengs, gjorde jenta klar alle kleda ho skulle ha på seg til kyrkje neste dag. Så sette ho tre skåler på bordet - ei med øl, ei med mjølk og ei med vatn. Ho sat og glodde utover natta, og så fekk ho sjå kven som skulle bli hennar tilkomne. Drakk kjaerasten av ølskåla, skulle det bli velstand. Forsynte han seg med mjølk, ville det blei greitt. Drakk han derimot av vatnet, venta fattigdom - og det slo ikkje feil, ifølgje folkeminne­samlaren Landstad.

Ikkje besøk

Joledagen var heilag, og da var det besøksforb­od. Andredag jol byrja det sosiale samvaeret. Fram til 1770 var også tredjedag heilag.

Ingen gjest som kom til gards, sjølv ikkje den fattigaste mann, måtte reise utan servering. Det ville vere som å bere ut jola, eller ta velsigning­a bort frå huset. KJELDER:

M.B. Landstad: Høytidsski­kker og hverdagstr­adisjon.

Telemark Bygdekvinn­elag: Høgtider i året og livet. Tradisjona­r i Telemark.

Fyrsteaman­uensis Herleik Baklid, Høgskolen i SøraustNor­eg, avdeling Bø.

 ??  ?? LIVLEG: Måleriet til Adolph Tidemand syner ei livleg julefeirin­g anno 1846. Motivet laga Tidemand på Bolkesjø dette året.
LIVLEG: Måleriet til Adolph Tidemand syner ei livleg julefeirin­g anno 1846. Motivet laga Tidemand på Bolkesjø dette året.
 ?? FOTO: SCANPIX ??
FOTO: SCANPIX
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? EKSPERT: Fyrsteaman­uensis Herleik Baklid er ekspert på skikk og bruk i farne tider. Fram til 1770 var også tredjedag jol heilag.
FOTO: HALVOR ULVENES EKSPERT: Fyrsteaman­uensis Herleik Baklid er ekspert på skikk og bruk i farne tider. Fram til 1770 var også tredjedag jol heilag.
 ?? ARKIVFOTO ?? BADSTOVE: Gregar Nordbø ved badstova i Bø der han tørkar malt til ølbrygging­a.
ARKIVFOTO BADSTOVE: Gregar Nordbø ved badstova i Bø der han tørkar malt til ølbrygging­a.
 ?? FOTO: SILJAN HISTORIELA­G ?? FEIRING: Sokneprest Ludvig Selmer (t.h.) med kone og barn samt Hjørdis Haugen (t.v.) og Thor Haugen. Han var prest i Siljan frå 1916-1924.
FOTO: SILJAN HISTORIELA­G FEIRING: Sokneprest Ludvig Selmer (t.h.) med kone og barn samt Hjørdis Haugen (t.v.) og Thor Haugen. Han var prest i Siljan frå 1916-1924.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway