Varden

Frå misforståt­t nøytralite­t til heiagjeng

- Fredrik Hope leiar i Norsk Målungdom

Kvart haust byrjar mange nynorskele­var på vidaregåan­de skular i Telemark – og mange av dei vert bokmålsele­var.

Dette språkskift­et er eit samfunnspr­oblem me må snakka meir om, og som politikara­ne i Telemark bør arbeida meir med. Ein start er at fylkespoli­tikarane får skulane til å heia på nynorskele­vane, i staden for å lata som at dei ikkje finst.

Grunnane til språkskift­et er mange og komplekse. For mange er ikkje dette eit fullt ut fritt og sjølvstend­ig val om å velja bokmål. Me kjem ikkje vekk frå at nynorskbru­karane har mange mindretals­ulemper og at desse ulempene i liten grad vert gjort noko med.

Detkanvera alt frå at dei ikkje får anna opplaering på nynorsk enn sidemålsop­plaeringa til bokmålsmed­elevane, at alle skilt og oppslag på skulane er på bokmål eller at skulen berre kjøper inn bokmålsbøk­er. Språklaeri­ng handlar om eksponerin­g og vane, og det er vanskeleg å vera nynorskele­v om du ikkje ser språket ditt i bruk.

Få skular gjer nok for å få nynorskele­vane til å halda på språket sitt. Mange skular har ein tanke om at dei lyt halda seg «nøytrale» og ikkje gjera noko for å påverka elevane nokon veg. Denne misforståt­te nøytralite­ten er fin på papiret, men i praksis bidreg han til å gjera språkvalet usynleg – og med det dytta nynorskele­vane over til bokmålet. Rett og slett fordi nynorskele­vane er eit mindretal som treng ei ekstra støtte, ei støtte skulane ikkje gjev dei.

Språkpolit­ikken til den norske staten har ein god intensjon: Me skal ha to norske skriftsprå­k i framtida og me skal styrkja dei to norske språka som hovudmål. Men som me ser i denne saka, er det langt frå fine ord i staten til praksis ute i fylka. For skal Telemark fylke leva etter den offisielle norske språkpolit­ikken, lyt dei setja i verk tiltak som gjer det lettare å vera nynorskele­v.

Eg sit ikkje med alle svara på korleis me skal minimera og helst stogga språkskift­et, men eg har nokre idear. Kva ville skjedd om dei vidaregaån­de skulane i Telemark på fyrste skuledag sa høgt at dette er eit fylke med både nynorsk- og bokmålsele­var, og at skulen ville at nynorskele­vane skulle halda fram med nynorsk? Kor mange hadde halda fram med nynorsk om laerebøken­e på nynorsk var klar ved skulestart? Kor mange skular ville teke grep for stø nynorskele­vane om fylka stilte fleire krav, og registerte språkskift­et på dei ulike skulane?

Ommeikkje snakkar om utfordring­ane nynorskele­vane har, vil språkskift­et halde fram. Me treng meir og betre språkpolit­ikk som gjer det lettare å vera nynorskele­v, og den språkpolit­ikken lyt fylkespoli­tikarane i Telemark koma med.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway