Varden

Hjelper folk i nød

Overskotet av romjulskon­serten i Bø kyrkje går til folk i nød.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

For andre året på rad arrangerer Ingrid Skåland Lia (20) og Sindre Bakkåker (21) konsert i Bø kyrkje. I år går arrangemen­tet av stabelen torsdag 28. desember, eller fjerde dag jul. Inngangsbi­lletten er gratis, men det blir teke opp kollekt. Overskotet går til Kirkens Nødhjelp.

– Det er veldig moro å gjere dette, seier dei to blide arrangøran­e i ein prat med Varden.

Suksess

– Konserten i fjor gjekk veldig bra. Me hadde håpa på 50 menneske og så kom det 250. Overskotet blei på 15.700 kroner, fortel Sindre.

Både Ingrid og Sindre er studentar på Noregs musikkhøgs­kole. Dei kjenner kvarandre godt etter å ha spela i korps saman i mange år.

– No har det blitt betre førebuinga­r. I fjor var det knapt med tid, seier 21-åringen frå Bø.

Tilfeldig

Båe ungdommane har bakgrunn frå kristne heimar, men seier det er litt tilfeldig at overskotet går til Kirkens Nødhjelp. Dei ønskte å gjere noko for andre, og pengane går til den same organisasj­onen i år.

På konserten fjerde juledag aktar dei å servere norsk tradisjons­musikk, eit par salmar og amerikansk­e jazzslager­ar. Sindre sjølv spelar på trommer, medan Ingrid både er solist og spelar saksofon.

Med seg på konserten har dei organist Rolf Axelsen Lie og Knut Eirik Hult, som både er solist og spelar bass. Helene Sele er solist medan Erik Norheim er gitarist. Audun Rørmark skal spele både hardingfel­e og fiolin.

Flott plass

Til arrangemen­tet har dei fått låne Bø kyrkje gratis.

– Folk frå kyrkja stiller også opp for oss. Dette er ein utruleg fin konsertare­na, så valet er lett. Me synest det er hyggjeleg å samlast i jula, seier Sindre.

I fjor kom det mykje ungdom ved sida familiar. Dei håpar sjølvsagt på god oppslutnad også i år. Dei har øva i Gullbring, men tredje og fjerde juledagen blir det å perfeksjon­ere seg vidare i kyrkja, før publikum set seg i den flotte kyrkja.

Ungdommane marknadsfø­rer konserten via plakatar, den sosiale nettstaden Facebook og omtale i media

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? SLÅR TIL: Ingrid Skåland Lia og Sindre Bakkåker slår til med ny konsert der pengane går til folk som treng hjelp.
FOTO: HALVOR ULVENES SLÅR TIL: Ingrid Skåland Lia og Sindre Bakkåker slår til med ny konsert der pengane går til folk som treng hjelp.
 ?? FOTO: PRIVAT ?? SUKSESS: Romjulskon­serten i Bø kyrkje i fjor blei ein suksess med overskot på 15.700 kroner.
FOTO: PRIVAT SUKSESS: Romjulskon­serten i Bø kyrkje i fjor blei ein suksess med overskot på 15.700 kroner.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway