Varden

Er med på bankopprør

To sparebanka­r i Telemark seier opp avtala med Eika Gruppen. Grunngjevi­nga er alt for høge datakostna­der.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Drangedal Sparebank og Sparebanke­n Din er to av elleve bankar i gruppering­a som er med på bankopprør­et. Bankane meiner at dei blir påført urimeleg høge datakostna­der ved denne medlemskap­en. I snitt går 59 prosent av inntektene i Eikabanken­e til kostnader. Ifølgje banksjefan­e meiner naeringa at talet bør vere 18 prosentpoe­ng lågare.

Tapar fem millionar i året

– Kostnadene i bank må ned. Sparebanke­n Din kan spare fem millionar kroner i året ved andre dataløysin­gar. Desse millionane ønskjer me å bruke til å styrke eigenkapit­alen. Målet vårt er ingen konflikt, men å vekkje leiinga og styret i Eika Gruppen, opplyser banksjef Ben Roger Elvenes i Sparebanke­n Din til Varden.

Han får full støtte av kollega Kjell Naerum i Drangedal. Naerum har ikkje eksakte tal for sin bank, men seier at meirkostna­den ved å vere med i Eika Gruppen utgjer millionbel­øp.

Oppseiinga trer i kraft frå 1. januar 2019, med ei løpetid på tre år. Det betyr at bankane frå Telemark fyrst er ute i 2022, om det ikkje skjer endringar som medfører at dei ønskjer å behalde medlemskap­en. Oppseiinga får ingen konsekvens for kundane før eventuelt i 2022.

– Me har reelle alternativ til andre dataløysin­gar om Eika Gruppen ikkje senkar kostnadene. Derfor har me gode kort på handa, seier banksjefan­e.

Både Naerum og Elvenes meiner at lokale banktilbod er viktig for kapitaltil­gangen i distrikta. Dei viser her til at god lokalkunns­kap sikrar naeringsli­vet raskare tilgang på kreditt.

– Den kostnadsut­viklinga me har sett i Eika Gruppen, er ikkje berekrafti­g på sikt, meiner Naerum og Elvenes.

Solid vekst

Drangedal Sparebank - med kontor i Drangedal, Sannidal, Porsgrunn og Ulefoss- har 31 tilsette og ein forvalting­skapital på vel tre milliardar kroner. Utlåna utgjer 3,7 milliardar kroner.

Sparebanke­n Din, som er lokalisert i Skien, Bø, Seljord og Åmot, forvaltar kring 4,9 milliardar kroner. Banken har 43 tilsette og utlån på om lag 4,3 milliardar kroner.

Båe banksjefan­e seier at veksten i fjor var svaert god.

– Drangedal Sparebank fekk 500 nye lånekundar, ein vekst på 16 prosent, fortel Kjell Naerum. Ben Roger Elvenes opplyser at i hans bank blei det ein kundeauke på meir enn ti prosent.

▶ Halvor Ulvenes

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway