Varden

Pangstart i bakken

Skianlegga i fylket har fått ein pangstart denne sesongen. I Vrådal er veksten på 30 prosent.

- – Sjå rapport frå bynære løyper på side 14 og 15. ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@ varden.no

Betre kan det ikkje bli, seier dagleg leiar Petter Johnsen ved Vrådal Panorama AS.

– Dette er den beste starten me har hatt nokon gong. Omsetninga har auka med 30 prosent i forhold til tidlegare rekord. Frå slutten av november og ut året kom det inn kring fem millionar kroner frå bakkar, kafé og baren. Jola vart veldig bra, opplyser Johnsen vidare.

Han meiner satsinga på snøkanonar har slege svært positivt ut for skianlegge­t i Kviteseid.

– Kven er det som besøker anlegget?

– Halvparten er nordmenn, resten er tyskarar, hollendara­r, danskar med fleire, svarar Johnsen som stadfester at det er satsa tungt på marknadsfø­ring i utlandet.

Han seier elles frå denne helga er alle løyper og nedfartar opne i alpinanleg­get, og oppe på fjellet i Vrådal er det òg fine forhold i langrennsl­øypene.

Går for rekord

Turistsjef Torben Andersen i Rauland er kjempeforn­øgd.

– Me går for ny rekord denne vinteren. Salet av skikort har auka med 22 prosent. Dette er fantastisk, seier Torben Andersen.

Han understrek­ar at snøforhold­a så langt har vore veldig bra. No er heile nettet på 150 km med langrennsl­øyper pre- parert, og turistsjef­en seier at forholda er svært gode.

– Alt 1. desember blei løypene i Silkedalen i Rauland køyrde opp. Me har sjekka med eldre folk, og ingen kan hugse at dette har skjedd tidlegare, seier turistsjef­en.

Torben Andersen fortel vidare at det er auke på utleige av hytter og reservasjo­nane framover vinteren viser også vekst i forhold til tidlegare. Samstundes melder butikkane om kjempebra sal.

Supre forhold

Elles i fylket er det òg duka for ei fin skihelg. Skisentrae­ne både på Gautefall og Gaustablik­k melder om supre forhold. I Bøområdet skriv Lifjell skisenter på nett at det er pudderføre med preparerte bakkar og opne heisar.

Det er oppkøyrde løyper på Jønnbu, og dei som vil ha seg ein skitur i lågare strøk har sjansen i til dømes Vihusløypa som går ut rett ved tidlegare Lifjell Hotell. På Svanstul i Skien var også løypemaski­nene i sving fredag.

 ?? FOTO: VRÅDAL PANORAMA ?? NY REKORD: Skisentere­t i Vrådal har sett ny rekord i desember.
FOTO: VRÅDAL PANORAMA NY REKORD: Skisentere­t i Vrådal har sett ny rekord i desember.
 ?? FOTO: SINDRE OMENÅS ?? TOPP: – Betre kan det ikkje bli, seier dagleg leiar Petter Johnsen i Vrådal Panorama AS.
FOTO: SINDRE OMENÅS TOPP: – Betre kan det ikkje bli, seier dagleg leiar Petter Johnsen i Vrådal Panorama AS.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway