Varden

Trenger laerlinger i mekaniske fag

Naeringsli­vet vil ha fleire laerlingar frå mekaniske fag.

- NOME ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Eg trur at alle elevane som no går på VG1 vil få laerlingpl­ass. Dei tradisjone­lle mekaniske faga spør etter fleire laerlingar nå enn de siste åra. Der bedriftene tidlegare skulle ha ein laerling, ønskjer dei seg no tre til fire laerlingar, opplyser kontaktlae­rar Stig Nygård til Nome vidaregåan­de skule, avdeling Lunde.

Open skule

Fyrstkoman­de laurdag har Nome Vgs, avd. Lunde, open skule.

– Her er framtidige elevar og alle andre velkomne til å sjå kva me driv med, seier Stig Nygård. Utdannings­tilbodet i Lunde består av fem retningar på VG 1 bygg og anleggstek­nikk, design og handverk, elektrofag, helse og oppvekstfa­g samt teknikk og industriel­l produksjon.

Skulen har følgjande liner på VG2: Byggteknik­k, frisør, elenergi, helsearbei­darfag, industrite­knologi og anleggstek­nikk.

Nygård opplyser at publikum på den opne dagen både får informasjo­n og sjå aktiviteta­r og elevarbeid. Ein bil frå filmen «Børning» er eitt trekkplast­er denne dagen.

Skulen i Lunde har elevar frå store delar av Telemark Treungen, Kviteseid, Tokke, Vinje, Seljord, Bø, Sauherad, Notodden, Grenland, Kragerø, Drangedal og Nome.

To klasser

Det er no to klasser i VG1 på TIP (Teknikk og industriel­l produksjon). Desse har til saman 21 elevar og Nygård er kontaktlae­rar for ei av klassene.

– Elevane på TIP kan velje mellom 53 fag på VG2 som til dømes, bil, landbruk, anlegg, industrime­kanikar, CNC-operatør, sveisar osb. Me har eit godt samarbeid med små og store bedrifter om utplasseri­ng og laerlingpl­assar i Midt-Telemark og elles i Telemark. Her kan nemnast Bandak, Ulefos Jernvaerk, Bilfinger, Eramet og dei mindre og mellomstor­e bedriftene, seier Stig Nygård.

Veldig bra miljø

Ida Tomine Firingen Nordskog og Julia Bindas er dei to einaste jentene på VG1 TIP.

– Her er det eit utruleg bra miljø. Me passar inn her, seier Ida som har lyst til å bli platearbei­dar eller CNC-operatør.

– Det har vore draumen heile livet, seier ho. Som CNC-operatør styrer ein mekaniske bor og fresemaski­ner.

Julia Bindas, opphavleg frå Polen, liker seg også godt på skulen i Lunde. Ho har lyst til å satse på transports­ektoren i framtida.

 ??  ??
 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? PROSJEKT: Denne bilen er eit av fleire prosjekt for elevane.På biletet ser me kontaktlae­rar Stig Nygård, Tom Markus K Christense­n, Kjetil Dyrud, Kim Erik B Grindkåsa, Thomas O Lundtveit, Tobias L Persson, Ismail S Rasho, Benjamin S. Riis, Jan Vidar...
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES PROSJEKT: Denne bilen er eit av fleire prosjekt for elevane.På biletet ser me kontaktlae­rar Stig Nygård, Tom Markus K Christense­n, Kjetil Dyrud, Kim Erik B Grindkåsa, Thomas O Lundtveit, Tobias L Persson, Ismail S Rasho, Benjamin S. Riis, Jan Vidar...
 ??  ?? LIKER SEG: Ida Tomine Firingen Nordskog (t.v.) og Julia Bindas liker seg på mekanikarl­ina på Nome vidaregåan­de skule.
LIKER SEG: Ida Tomine Firingen Nordskog (t.v.) og Julia Bindas liker seg på mekanikarl­ina på Nome vidaregåan­de skule.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway