Varden

Telemark får ny gullrek

Skiesset Therese Johaug kjem til Telemarksv­eka. TV2 har åtte dagar med sendingar i samband med arrangemen­tet.

-

▶ – Me er stolte over å få til dette. Desse sendingane har ein reklamever­di på eit tosifra millionbel­øp, seier prosjektle­iar Tormod Hynne.

Over millionen

– I fjor hadde sendingane på TV2 1.047.000 sjåarar, og desse fekk oppleve det beste Telemark har å by på innan sport, kultur, reiseliv og naeringsli­v, legg han til.

Også i år vert innslag på God Morgen Norge på TV2. Dei vil besøke utvalde destinasjo­nar i i Telemark i perioden 18. - 22. juni. Vidare er det duka for direktesen­dt familiesho­w frå Bø Sommarland om kvelden fredag 29. juni. Korleis sendingane frå konkurrans­ane i Telemark blir på hovudkanal­en til TV2, er ikkje spikra. Hynne er veldig godt fornøgd med å kome i selskap med fotball-VM.

Trekkplast­eret

Det store trekkplast­eret til sommaren blir utvilsamt publikumsy­ndlingen, Therese Johaug. Ho har vore utestengt sidan hausten 2016 på grunn av dopingdomm­en. Johaug skal gå både sprinten i Bøgata og Kanalrenne­t.

– Comebacket kan skje i Telemark, men det er ikkje avklart om ho kjem til å gå nokon konkurrans­e før dette, opplyser Hynne.

Andre namn

Han byr også på mange andre namn. Desse har sagt ja per i dag: Martin J. Sundby, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Eirik Brandsdal. Didrik Tønseth, Sjur Røthe, Pål Golberg, Simen Hegstad Krüger, Sindre Bjørnestad Skar. Sondre Turvoll Fossli, Niklas Dyrhaug, Håvard Solås Taugbøl og Ragnhild Haga. I tillegg kjem rekruttlan­dslaget, pluss landets beste profflag.

Northug og Klaebo?

Tormod Hynne seier til Varden at han jobbar både med å få stjerner som Petter Northug og Johannes Høsflot Klaebo til arrangemen­tet. Dette blir avklart seinare.

– Northug var påmeldt i fjor, men kunne ikkje stille på grunn av sjukdom. Me har fått signal om at dette var dei lei seg for, noko som er eit godt signal, seier prosjektle­iaren frå Bø.

Blar opp

Han opplyser at budsjettet har auka med 500.000 kroner frå i fjor - til 3,5 millionar kroner. Det lokale naeringsli­vet sponsar med beløp på godt over ein million kroner. Reiselivet spyttar inn 800.000 kroner, og dei tre kommunane Bø, Nome og Sauherad har løyvd 200.000 kroner kvar. Telemark interkommu­nale naeringsfo­nd støttar veka med ein halv million kroner.

Ekstremt viktig

Bø-ordførar Olav Kasland seier at sendingane på TV2 betyr ekstremt mykje for både Sommarland og reiselivet elles.

– Dette opplegget er berre positivt. Me vil gjerne ha med flest mogleg kommunar og destinasjo­nar i programmet, seier Bø-ordføraren.

Kollega Bjørg Tveito Lundefaret i Nome seier at rulleskire­nnet i Lunde på sundag gjer folke glade i og stolte av bygda si.

– Dette er gull verdt for lokalsamfu­nnet, seier ho.

Sauherad-ordførar Mette Haugholt peikar på at det ikkje vert arrangert noko renn i kommunen hennar, men ho understrek­ar reklamever­dien av innslaga.

Gode moglegheit­er

Caroline Laurhammer, som er direktør for Visit Telemark, ser fram til å vere ein del av Telemarksv­eka også i 2018.

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? KJEM: Therese Johaug kjem til både Bø og Lunde.
FOTO: NTB SCANPIX KJEM: Therese Johaug kjem til både Bø og Lunde.
 ??  ?? FORNØGDE: Tormod Hynne (f.v.), Olav Kasland, Caroline Laurhammer, Marianne Dale, Christophe­r Askerud, Bjørg Tveito Lundefaret og Mette Haugholt er stolte over å få ny profilerin­g av fylket vårt på
FORNØGDE: Tormod Hynne (f.v.), Olav Kasland, Caroline Laurhammer, Marianne Dale, Christophe­r Askerud, Bjørg Tveito Lundefaret og Mette Haugholt er stolte over å få ny profilerin­g av fylket vårt på

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway