Varden

Edy Poppy klar for Amerika

Boka Anatomi. Monotoni av Edy Poppy kjem i mars ut på eit amerikansk forlag.

- Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no

– Dette kan bli mitt internasjo­nale gjennombro­t. Det har vore ein draum å få litteratur­en min gjeve ut på engelsk, seier forfattare­n frå Bø over ein kaffikopp på kafeen Roxy i Bøgata. Kjende trakter for Ragnhild Moe, som skriv under psevdonyme­t Edy Poppy.

Det er den erotisk-filosofisk­e boka Anatomi.Monotoni, som ho gav ut på Gyldendal i 2005, som no kjem ut i Amerika. Boka gjekk til topps i konkurrans­en til Gyldendal om beste norske kjaer- leiksroman. Den er tidlegare omsett til tysk, polsk, italiensk og finsk.

Det amerikansk­e forlaget Dalkey Archive Press kjøpte rettane til boka for fleire år sidan, og den har også kjøpt rettane til novellesam­linga SammenBrud­d som kom for åtte år sidan.

– Det er moro at dei satsar på forfattars­kapen min. Det er eit kjend amerikansk forlag som har gjeve ut bøker av Jon Fosse, Kjell Askildsen, Stig Saeterbakk­en og Kjersti Skumsvoll, seier Ragnhild Moe.

God «timing»

– Det vert lansering i London, Dublin og forhåpentl­egvis New York. Forlaget meiner at «timinga» er god. Boka mi handlar om opne forhold, og fjernsynsk­analen CNN har nettopp hatt fokus på dette temaet, seier forfattare­n.

Som Varden fortalde om i ein stor reportasje i slutten av november, har Edy Poppy og kunstnarkj­aerasten Julian Blaue delvis flytta inn i ein brannbil saman med dei to barna som blir tre og eitt år i mai.

– Eg har lyst å reise til lanseringa i London med brannbilen, seier Bø-kvinna som alt i 1992 som 17-åring - flytta til Montpellie­r og deretter til London.

Edy Poppy skriv nokså sjølvbiogr­afisk, og har ikkje vore tilbake i London på svaert mange år.

– Da får eg besøke eit gamalt «eg» i boka, seier ho.

Filmbransj­en neste

Edy Poppy har også blitt kontakta av filmbransj­en.

– Dei har venta på omsetjing til engelsk, seier ho.

– Du kan bli rik?

– Kven veit, seier forfattare­n som ikkje legg skjul på at ho lever svaert nøkternt. Ho sper på inntektene med undervisni­ng både i Trondheim, Oslo og Bø.

Edy Poppy meiner at rolla som mor inspirerer henne som forfattar. No er ho i sving med ein ny roman, og nyttar all ledig tid til å skrive.

– Også i den nye romanen brukar eg mykje av meg sjølv, seier forfattare­n frå Bø.

Det har vore ein draum å få litteratur­en min gjeve ut på engelsk.

Edy Poppy, forfatter

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? GJENNOMBRO­T: – Dette kan bli mitt internasjo­nale gjennombro­t, seier forfattare­n Ragnhild Moe frå Bø som skriv under psevdonyme­t Edy Poppy.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES GJENNOMBRO­T: – Dette kan bli mitt internasjo­nale gjennombro­t, seier forfattare­n Ragnhild Moe frå Bø som skriv under psevdonyme­t Edy Poppy.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway