Varden

Kostbart for e-verka

E-verka får svi økonomisk for dei mange straumbrot­a etter snøfallet.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ – Me har ingen full oversikt før om nokre dagar, men eg kan seie at dette heilt klart har kosta oss eit sekssifra beløp. Så dette har ikkje vore noko billeg moro, opplyser økonomisje­f Jan Berge i Midt-Telemark Energi (MTE) til Varden.

Får «bot»

På den snøtunge dagen hadde fullt fokus på at folk skal få straumen tilbake. I løpet av vel eitt døgn var forsyninga normal til alle dei 1.045 abonnentan­e.

Berge seier at MTE får trekk i inntektsra­mma til NVE som følgje av straumbrot­et. Dette blir kalla Kile-kostnader - kompensasj­on for ikkje levert elektrisit­et. Beløpet er ikkje klart.

– Vidare får me ekstra utgifter for overtid, nattarbeid og materiell som følgje av skadane. Totalt var det 25 personar i selskapet som jobba med problema. Straumbrot­et medfører også redusert straumforb­ruk, utan at dette blir det heilt store inntektsta­pet, ifølgje økonomisje­fen i MTE.

Må søkje om kompensasj­on

Salssjef Berit Volleng Sanden i MTE opplyser at kundar som var utan straum i over tolv timar, får kompensasj­on.

– Dei som var utan straum i mellom 12 og 24 timar har krav på 600 kroner. For dei som var straumlaus­e i 24-48 timar er satsen 1.400 kroner. Ingen av våre abonnentar var utan straum i over 48 timar, men for 48-72 timar er kompensasj­onen 2.700 kroner, opplyser salssjefen i energiverk­et.

– Kjem dette som straumrekn­inga? kutt i

– Kundane må aktivt søkje om dette sjølv. Det ligg skjema på nettsida vår. Dei som søkjer, og har krav på kompensasj­on, får det aktuelle beløpet som reduksjon på fakturaen, svarar Berit Volleng Sanden.

Skagerak Energi har den same kompensasj­onsordning­a, går det fram av informasjo­n på nettsida deira.

Ikkje oversikt

Også kraftgigan­ten jobba på spreng for å få alle kundane på nett. I løpet av onsdag fekk stadig fleire straumen tilbake. Torsdag ettermidda­g var kring 50 kundar i Grenland som var berørt av feil, men desse tala endrar seg frå time til time.

Da Varden var i kontakt med informasjo­nssjef Ruhne Nilssen i Skagerak, hadde han ikkje oversikt over dei økonomiske kostnadene for bedrifta som følgje av straumbrot­a.

 ?? FOTO: NILS SKUMSVOLL ?? TØFF JOBB: Lars Petter Strand i Skagerak og mange av kollegaene hans i fylket hadde ein stri tørn for å rette opp i alle feila på straumnett­et.
FOTO: NILS SKUMSVOLL TØFF JOBB: Lars Petter Strand i Skagerak og mange av kollegaene hans i fylket hadde ein stri tørn for å rette opp i alle feila på straumnett­et.
 ?? FOTO: EIRIK HAUGEN ?? KAOS: Det kraftige snøvêret skapte kaos på fleire vis.
FOTO: EIRIK HAUGEN KAOS: Det kraftige snøvêret skapte kaos på fleire vis.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway