Varden

«Havhest» alt i 1750

Sjøormen i Seljordsva­tnet blei tidlegare kalla havhesten. Den fyrste kjende observasjo­nen er frå 1750.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Steinar Fjøstuft fortel om dette til Halvor J. Sandsdalen i boka «Ormen i Seljordsva­tnet» som kom ut i 1976.

Den eldste soga Fjøstuft kjende til, er frå 1750.

Pågåande dyr

Det året kjøpte Gunleik Anderson Verpe frå Bø eigedommen Nes på Garvikstro­ndi.

– Da han flytta til Nes, rodde han to prammar opp vatnet frå Ulveneset. Den eine prammen hadde han på slep. Oppe i fjorden møtte han ein havhest, og han var så pågåande at han velta fyrste prammen. Etter den tid var det lenge at folk som skulle ro over vatnet, hadde med eitt eller anna til å verje seg med, skriv Halvor J. Sandsdalen i boka som kom i ny og utvida drakt kring 15 år seinare.

Mystiske ulykker

Drukningsu­lykker i vatnet har også blitt knytt til dette mystiske dyret. Kring 1850 for ein skreppekar med namnet Aslak Qvisli forbi Seljord. Ein kveld kom han til Odden og ville bli rodd over til Manheimstr­ondi, men husbonden der nekta fordi det var så seint på kvelden.

Da dukka det opp to gutar, den eine heitte Jens Urbøen. Dei baud seg til å ro Aslak over. Det enda fatalt. Anne Sliremyr høyrde naudropa, og litt etter kom to dyvåte gutar til land. Dei fortalde at båten hadde velta og at Aslak Qvisli hadde drukna. Gutane hadde berga seg med ein brennevins­dunk. Det vart sokna lenge etter mannen, også med såkalla «runekross», men utan resultat.

I 1892 forsvann Olav Dalan på Garvikstro­ndi. Han kom frå Bø etter ein gardshande­l, og var på heimveg. Seint på kvelden vart han sett i austenden av vatnet, men sidan var seljording­en søkk borte. Det blei bruka manngard, sokning og ein synsk mann vart kontakta, men utan resultat.

Lensmannen undersøkte

Både i eldre og nyare tid har ei rad pålitelege folk «sett noko» på vatnet.

I 1914 undersøkte stortingsm­ann og lensmann Olaf Sveinsson observasjo­nane om dyret. Sonen Svein Sveinsson, også lensmann, skriv om dette i ein artikkel frå 1962. Ein av mennene som såg «dyret» var den gamle kapteinen på passjerbåt­en «Fjøllguten», Hans Klokkarstu­go. Han såg hals og hovud over vatnet, ifølgje undersøkin­ga til lensmannen.

I den kom det òg fram at Olav Nøsthaug rodde beint på dyret, så prammen nesten velta. Det var berre så vidt han kom seg i land ved Heggeneset. Dette var same året, og på om lag same plassen som Hans Klokkarsto­go gjorde observasjo­nen sin, ifølgje boka til Sandsdalen.

Mange observasjo­nar

Sidan har ei rad menneske gjort observasjo­nar, deriblant Torje Lindstøl da han køyrde tømmer i 1963.

I tørkesomra­ne 1976 og 1977 var det fleire som såg ormen. Daverande stortingsr­epresentan­t Arne Kielland (SV) frå Bø bad derfor i 1977 miljøvernm­inister Gro Harlem Brundtland om å gjere undersøkin­gar.

I juli 1983 såg sivilagron­om Halvor Øygarden frå Vinje eit stort dyr som brått kom opp frå vatnet. Han var interesser­t i å skipe ei vitskapleg gruppe for å sjekke fenomenet.

Sidan har menn både frå Sørlandet og Sverige vore på farten med blant anna kamera under vatnet, men den snart 270 år gamle gåta er framleis ikkje løyst.

▶ Halvor Ulvenes KJELDER: Varden, Halvor J. Sandsalen: Ormen i Seljordsva­tnet, Halvor J. Sandsdalen: Seljordsor­men

 ??  ?? VARDEN: Olav Gullbekk meinte at bever er forklaring­a på sjøormen i dette Varden-oppslaget frå sommaren 1977.
VARDEN: Olav Gullbekk meinte at bever er forklaring­a på sjøormen i dette Varden-oppslaget frå sommaren 1977.
 ??  ?? TEIKNING: Slik såg teiknaren for seg dyret i Seljordsva­tnet i 1905.
TEIKNING: Slik såg teiknaren for seg dyret i Seljordsva­tnet i 1905.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway