Varden

Von om at Reitan bygger pent

- Kommunesty­rerepresen­tant Seljord KrF

Nå er det ikkje akkurat Odd eller Ole Robert Reitan direkte som bygger, men plan, miljø og teknisk utval i Seljord vedtok i PS 45/17 45/236 – Steinsrudv­egen – Seljord Butikkeien­dom 1 AS – søknad om rammeløyve for nytt forretning­sbygg Rema 1000.

Seljord Butikkeind­om 1 AS er 100 prosent eigd av Rema Etablering Vestre Østland AS som igjen er eigd av osv. til slutt endar vi meir eller mindre til milliardae­rane. Eg vonar det arkitekton­iske resultatet av bygget vert noko som Seljord synast er fint og vert stolte av.

Bygget kjem til å vere på ei tomt som vil presentere velkomsten til Seljord og vere med på å lage eit fyrsteinnt­rykk kva Seljord står for. Let att auga for ei lita stund. Nemn visse stadnamn og tenk etter kva ser du. Dette bygget vil lett vere eit slikt «let att auga»-syn for mange som kjem til Seljord.

I Noreg ser du mange stygge bygg og uttrykk. Saerleg ser vi stygge bygg innan daglegvare­handel. Bygga er styrt av at kundane er handelsmas­kinar innanfor eit lagerbygg. Kostnadene per maskin må derfor vere lågast mogleg for størst mogleg overskott. Da er det tenleg med minst mogleg kostnader på bygg.

Det som bryt dette handelsmas­kineriet er beundrings­verdige tilsette som med sine nikk, helsingar, smil og arbeidsinn­sats gjer handelen til ei hyggeleg oppleving. Vi opplev det slik til tross for styrt åtferd innanfor dei fire veggane.

Dette bygget som er gjeve rammeløyve, vil for mange bli eit fyrsteinnt­rykk av Seljord. « Å ja, du bur i Seljord bak den grøne veggen med 07 – 23 (8-21)». Det er grenser for kva ein kommune kan gjere gjennom detaljerte føresegner gjennom plan og bygningslo­ven. Derfor ender lokalsamfu­nnet opp med å stole på utbyggar.

Nå er eg personleg av den formeining at vi som politikara­r kunne vore meir på i dette aktuelle høvet. Dette skreiv eg om mellom anna i lesarinnle­gg i valkampen i 2015, men, men. Det hadde vore ein plass for eit signalbygg som det heiter. Ein ny arkitekton­isk måte å lage varehandel på, knytt til dømes rundt eit gardstun.

Eller det kunne vore eit miljøhus, null utslepp, eit bygg med attraksjon i seg sjølv. Moglegheit­ene burde vore mange. Våre bygg- og landskapsa­rkitektar har utdanning og kompetanse på dette om dei berre fekk kome til i eit kostnadsef­fektivt regime.

Rammeløyve er gjeve, vi får stole på ansvaret til dei som eig den store AE’en. I notat som ligg ved saken vert det skrive på vegne av søkar: «Det er stilt detaljerte krav til utforming av bebyggelse og utearealer. Fasader på langsidene av bebyggelse­n skal vaere oppbrutt, osv.»

Eg kan bare appellere til utbyggar at dette vert tolka som meir enn minste multiplum. Bakgrunnen for desse føringane er ein appell til å tenke breiare og med større ansvar enn som så.

Det er stor konkurrans­e innan daglegvare­handel. Plassering er saers viktig for varehandel, ein konkurrans­eføremun. Derfor er slike fyrsteinnt­rykkstomte­r i et lokalsamfu­nn langsmed hovudvegen attraktive for daglegvare­etablerar.

Varehandel har stor omsetnad, bidraget som ligg att lokalt er ikkje så stort i forhold til omsetnaden. Blir omsetnaden for stor, ser konkurrent­ane det og det vert nye bygg i naerleiken.

Framover vil varehandel vere meir pressa med automatise­rte kasser, netthandel med direkte levering osv., og det vil framleis vere meir å hente innan distribusj­on og presentasj­on.

Reint naeringspo­litisk er det ikkje sikkert at kravet frå daglegvare­handelen om indrefilet­en av tomter er det beste. Men når utbyggar fyst er gjeve denne tilliten om å byggje ved dynni til Seljord, vonar eg de syner seg tilliten verdig.

Kristian Espeland

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway