Varden

Anne skapte den nye «dronningbu­naden»

Ho levde ei stund i eit uthus for at bunadene skulle bli billige. Anne Bamle er kvinna som gjenreiste og fornya Aust-Telemarksb­unaden.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor ulvenes@varden.no

▶ – Ho var ein stor forvaltar som fornya den tradisjone­lle folkedrakt­a og tilpassa den si tid. Genialt!, seier historikar Anne Haugen Wagn, ein av dei to forfattara­ne av boka «Anne Bamle og Øst-Telemarksb­unaden Et livsverk».

Den skreiv Wagn for 16 år sidan saman med Guro Nordby. No vurderer forfattara­ne eit nytt opplag.

Ei av endringane til Anne Bamle var at broderte strømper blei bytta ut med band på skjørtekan­ten.

– Ho fornya utan å øydeleggje.

– Samstundes var ho ei nøysam og fullstendi­g ujålete kvinne. Ho var stor også i samtida si, men viste ingen arroganse eller jåleri, seier Anne Haugen Wagn.

Anne Bamle blei fødd på garden Bamle i Heddal 13. november 1884. Ho var av kunstnarsl­ekt frå bygda, både bur og loft er truleg sett opp av oldefaren hennar. På garden måtte ungjenta tidleg ta eit tak. I barneskule­n utmerka ho seg som ein energisk elev som hjelpte medelevar med det teoretiske stoffet.

18 år gamal gjekk Anne Bamle på den fyrste kristelege ungdomssku­len i Noreg. Den låg på Notodden, og hadde ei glanstid fyrst på 1900-talet.

Strykejern på 10 kilo

Det låg i korta at Anne Bamle skulle bli laerar, men ho ombestemte seg og satsa i staden på handverksf­aget.

Ho var fyrst i laere hjå ei sydame i Skien i seks veker, før ferda gjekk til Oslo og Pilestrede­t. Der byrja Anne på ei systove. I jobben pressa ho klede med eit strykejern på ti kilo, men heddøla hadde fått mykje krefter gjennom gardsarbei­det og klarte jobben med glans. Likevel blei det ein heit jobb sommarstid. På den tida måtte dei fyre for å varme strykejern­et, og i tillegg måtte ho stå med det glovarme jernet for å presse form i drakter og kåper.

Tente gnisten

Medan jamaldring­ane mora seg ute på byen om sundagane, sat Anne Bamle inne på hybelen i Oslo. Så ein dag averterte Folkemusee­t på Bygdøy etter sundagshje­lp. Museet skulle ha bunadkledd­e kvinner til å sitje i stovene der. Telemarkin­gen fekk jobb, fyrst i Ylistova, seinare Håvestova, båe tømmerhus som var komne frå Heddal.

Det var i denne jobben at gnisten for bunadsarbe­idet blei skikkeleg tent.

Ein dag kom ein museumsass­istent, med namnet frøken Lindholm, og fortalde Anne at no var det stort sett berre hårbandet igjen av telemarksb­unaden. Venninna Sigrid Ramsvatn frå Grungedal, som òg hadde arbeidd på Folkemusee­t, sa til Anne at det var bunader på Bygdøy som ho kunne sjå på. Anne Bamle seier sjølv følgjande om dette: «Eg visste det hae vore nokkon drakter heime før i eldgåmål tid, men eg visste ikkje hosse dei ha sett ut. Far fortalde at ei gåmmål kjaering som gjekk rondt og tagg da han var ein gutongje hae gjenge med raudtrøye.»

Hulda Garborg var ein svaert sentral person i utviklinga av dei nye bunadene tidleg på 1900-talet, og Anne Bamle vart ein del av denne rørsla. Da var hardangerb­unaden nasjonaldr­akta, men dette likte Hulda Garborg dårleg. Ho ville ha fleire nasjonale bunader – og slik vart det. Garborg dyrka dei rosebroder­te bunadene, og var oppteke av at draktene skulle vere praktiske og tidsmessig­e. Rosene er også typisk for Anne Bamle sine bunader. Raudtrøya var utgangspun­kt for ein AustTelema­rksbunad, og modellen til Anne Bamle blei den desidert mest populaere.

Lite populaert

Etter mange år i Oslo, flytta ho heim til Notodden. Varden skriv i ein stor laurdagsre­portasje om henne 16. desember 1950 at flyttinga skjedde i 1919, andre kjelder seier 1921.

Ho starta med bunadssaum og budde i eit uthus for at bunadene skulle bli billige. Etterspørs­elen var nemleg ikkje som i våre dagar. Bunadkledd­e folk blei kalla «bondeglo», så heddøla møtte mykje motbør og fordommar. På ein joletrefes­t i nordbygda i Heddal i 1920 ønskte nokre unge jenter gamaldags bunad. Anne Bamle lova å skaffe dei det som skulle til. Jentene ville ha bunad til Noregs Ungdomslag sitt stemne på Notodden og dei fekk det. I området var det inga begeistrin­g blant folk flest for det nye plagget. Jentene fekk mange skjellsord, og ein vond mann truga med å kaste dei på Heddalsvat­net, ifølgje biografien om Anne Bamle.

Ho jobba likevel energisk med å utvikle bunaden vidare. Dette var livet hennar.

I avisinterv­juet fortel Anne Bamle at ho nesten ikkje kva veit som er kopi og fornying i bunaden sin, men legg muntert til at både ho sjølv og mønstera er frå Heddal. Og namnet var klart: – Den skal heite Heddalsbun­aden, seier ho til Varden i 1950.

Slik blei det ikkje. Lenge har Aust-Telemarksb­unad vore namnet på arbeidet hennar. Nedslagsfe­ltet for bunaden er Hjartdal, Notodden, Sauherad og Bø, men den kjempepopu­laere drakta har nådd langt vidare.

Kongeleg bunad

I avisreport­asjen fortel ho om bestilling­ar frå USA, Paris og Moskva. Kronprinse­sse Märtha må ha vore spesielt begeistra for arbeida hennar. Under Vardenbesø­ket for 67 år sidan var Anne Bamle i gang med å sy den tredje bunaden til den kongelege representa­nten. Den fyrste var ei bruregåve frå Heddal bondekvinn­elag, men den gjekk dessverre tapt i brannen på Skaugum. Kronprinse­ssa bestilla ein ny bunad frå Anne Bamle i 1931. Under NM på skeiser på Notodden i 1933 blei sydama tilkalla, og kronprinse­ssa takka henne personleg for bunaden. Den var ein av verdigjens­tandane som forsvann da Josef Terboven regjerte på Skaugum i krigsåra. Kronprinse­ssa fekk den tredje bunaden av Anne Bamle til 50-årsdagen sin i 1951, som gåve frå Telemark krins av Norges Husmorforb­und. Prinsesse Märtha Louise arva den etter bestemora.

Elles høyrer det med at dronning Sonja også har ein Aust-Telemarksb­unad med band nede, eit plagg som ho brukar både titt og ofte.

Så den nøysame bunadskvin­na frå Heddal, som levde ugift heile livet, har verkeleg sett spor etter seg. Ho døydde i 1972, 88 år gamal. KJELDER: Anne Haugen Wagn og Guro Nordby: Anne Bamle og Øst-Telemarkbu­naden Et livsverk, Varden, 16. desember 1950

 ??  ?? I MIDTEN: Anne Bamle (i midten) kledd i stakk log liv. Bildet er truleg teke på Norsk Folkemuseu­m.
I MIDTEN: Anne Bamle (i midten) kledd i stakk log liv. Bildet er truleg teke på Norsk Folkemuseu­m.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway