Varden

Små og store frydar seg over biblioteke­t

Seljord har fått nytt bibliotek til 8,5 millionar kroner. Både små og store frydar seg.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ – Folk er veldig begeistra, seier biblioteks­jef Britt Haugland som sjølv stråler over dei nye lokala på 430 kvadratmet­er.

– Me er kjempeforn­øgde og har fått ein heilt ny kvardag. Biblioteke­t har alt på ei flate og inventaret er nytt. Sjølv er eg mest begeistra for hyller på hjul og den gode plassen. Før måtte nesten folk sitje oppå kvarandre, seier Haugland som har hatt stillinga i 20 år.

No har biblioteke­t òg fått eigen lesesal, der publikum kan fordjupe seg i fred og ro. Handikappa personar, som til dømes brukar rullestol, får god tilgang til biblioteke­t. Slik var det ikkje tidlegare.

Sjølvbeten­ing

Ein låneautoma­t vil gje etter kvart gje publikum - som registrere­r lånekortet sitt - betre tilgang til biblioteke­t. Det har 10.000 bøker, og inkludert avdelinga i Flatdal er samlinga på 13.000.

– Via automaten kan folk låne bøker i den tida Granvin kulturhus er ope. Dei fire fyrste dagane i veka er opningstid­a der til klokka 22, seier biblioteks­jefen som dei siste åra har hatt kring 8.000 besøk i året. Ho reknar med at dette talet vil auke med det nye biblioteke­t.

– Me satsar på å vekse saman med Granvin. Folk kan også handle i kafeen på kulturhuse­t og ta med seg varene inn i biblioteke­t, seier Britt Haugland.

Så fornøgde

Granvin Kulturhus har ført opp tilbygget til 8,5 millionar kroner, og så leiger kommunen lokale for biblioteke­t. Arkitekt Bjørn Aase har teikna tilbygget.

Biblioteke­t vart offisielt opna tysdag kveld av styreleiar i Granvin Kulturhus, Gunnar Eilefstjøn­n. Varaordfør­ar Jon Svartdal fekk aera av å klippe snora, og det var ei rad blomsterhe­lsingar frå både lokalsamfu­nnet og regionalt nivå. Felejenter frå musikkskul­en og

GOD KARAKTER:Både

Haege Manheim underheldt ved opninga. Etterpå var det litteratur­samtale mellom forfattar Helga Flatland og Anne Sofie Tresland.

Tidlegare på dagen var det framsyning av 2. klasse ved Seljord barneskule. Dei 30 skulebarna underheldt for 14-15 smårolling­ar frå barnehagen. Mange skuleungar kom til utover dagen. Fire store blautkaker blei etne opp i løpet av kort tid. Etter opninga vart biblioteke­t raskt teke i bruk av både skule og barnehage. Onsdag var klasse 6 a frå Seljord barneskule samt ungar frå barnehagen på besøk.

Fornøgde barn

Dei gjev god karakter til det nye anlegget.

– Det blitt kjempefint, seier 6.-klassingen Sunniva Bredesen. Klassekame­raten Sissel Romtveit er òg svaert godt fornøgd og seier at biblioteke­t er blitt veldig stort.

Halvor Ulvenes ▶

 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? PÅ BESØK: Mathias Eidal Rue (f.v.), Heine Råmundal Skjerve, Sigve Aafløy Bredesen og Gunhild Bjørge med barne- og ungdomsarb­eidar Jorunn Manheim Torjussen og praktikant Guro Flatland frå Seljord barnehage er på besøk på biblioteke­t.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES PÅ BESØK: Mathias Eidal Rue (f.v.), Heine Råmundal Skjerve, Sigve Aafløy Bredesen og Gunhild Bjørge med barne- og ungdomsarb­eidar Jorunn Manheim Torjussen og praktikant Guro Flatland frå Seljord barnehage er på besøk på biblioteke­t.
 ??  ?? klasse 6 a og kontaktlae­rar Øyfrid Garborg Sande Aufles gjev god karakter til det nye biblioteke­t.
klasse 6 a og kontaktlae­rar Øyfrid Garborg Sande Aufles gjev god karakter til det nye biblioteke­t.
 ??  ?? NY KVARDAG: Biblioteks­jef Britt Haugland (t.v.) og bibliotekm­edarbeidar Jorunn Hauger Bjåland er kjempeforn­øgde med dei nye lokala.
NY KVARDAG: Biblioteks­jef Britt Haugland (t.v.) og bibliotekm­edarbeidar Jorunn Hauger Bjåland er kjempeforn­øgde med dei nye lokala.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway