Varden

Manglar ein dimensjon

- Kommunesty­rerepresen­tant Seljord (KrF)

Nå er det kome i gang, kommunane har får høve til å inngå ekteskap. Det kan virke for samfunnet å vere ei tenleg ordning, men eg meiner at kommunal vigsel i sin form tar bort ein dimensjon, for Guds åsyn.

Frå tid til anna vert det diskutert om bare det offentlege skal ha den juridiske oppgåva å vie ektefeller. Frå 1. januar dette året er den juridiske oppgåva overført frå domstolane til kommunane. Det har aktualiser­t debatten. Kommunal vigsel manglar ein dimensjon. Da tenker eg ikkje bare på kyrkja som bygning som har sin arkitektur, ramme og konstruksj­on som høgtidleg livsepoke stad. Det kan bli etterlikna og erstatta. Moglege substitutt er mange.

Personleg håper eg ikkje ordføreran­e våre blir med på rammer som er tåpelige og narsissist­iske. Det blir artig å sjå om det over tid er trong for meir formelle ordningar. Ein sentral del av liturgien ved vigslar i Den norske kyrkje (Dnk) lyder, «For Guds åsyn og i naervere av desse vitna har de no lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap, og gjeve kvarandre handa på det. Difor gjer eg kunnig at de er rette ektefolk.»

I ekteskapsl­oven § 11 står det; «Ekteskap inngås ved at brudefolke­ne møter for en vigsler. Mens begge er til stede, skal de erklaere at de ønsker å inngå ekteskap med hverandre. Deretter skal vigsleren erklaere dem for ektefolk. Minst to vitner skal vaere til stede under vigselen.» i paragrafen etter står det kven som kan vere vigslar.

Liturgiele­mentet i Dnk har i seg at det livslange ekteskapsl­øftet om truskap, gi aere og elske kvarandre, blir gitt overfor tre, skal vi kalle det for, interessen­tar. Ekteskapet vert inngått overfor for det første ektefellen, for det andre samfunnet (i naervere av vitner) og overfor Gud.

I eit samfunn som bygger på kristendom og gjer plass for religion, er det naturlig og eg meiner riktig at kyrkja har høve til å vie ektefolk. I den katolske kyrkja kan ekteskapet vere eit sakrament, dersom begge ektefeller er døypte, binder ekteskapet dei saman på same måte som Kristus er bunden saman med kyrkja. I den lutherske kyrkje er ikkje ekteskapet eit sakrament. Etter det eg forstår, er Luther sitera på at ekteskap er ein «verden» sin ting. Det betyr ikkje at Luther tar bort Guds bod og ordningar som avsløring av synd i sin heilagdom, til det beste for menneskje. Derfor er det i Dnk innarbeida ein tradisjon og liturgi som ovanfor sitert. I kristent tankesett er vi alle ansvarlege overfor vår Far og Skaper. I vigsellitu­rgien er det artikulert gjennom at det seier «for Guds åsyn».

I Dnk er det også ein forbøns liturgi for ekteskapet. Ein slik forbøns liturgi kan bli bruka der det har vore ein kommunal vigsel. Forbøns liturgien inneheld ikkje eit nytt løfte «for Guds åsyn». Ein annan sak er at brudepar og deltakeran­e ved inngåing av ekteskap også ved kommunal vigsel kan la den tredje dimensjone­n vere der sjølv om det ikkje blir artikulert eller det skjer i eit sakralt rom. Fordi brudeparet kan legge inn i sitt ekteskapsl­øfte at dette er ei oppfylling av det 6. bod, er det ikkje nødvendig at det skjer i kyrkjelyde­n for at det skal vere eit gyldig ekteskap.

Men min meining er altså at det er det beste for samfunnet at vi har ei ordning ved vigslar der vi får gjort synleg og artikulert at ekteskapsl­øftet har tre dimensjona­r, for ektefellen, samfunnet/ familie og for Guds åsyn. Desse tre dimensjona­ne er med på hjelpe ekteparet til å halde saman, elske og aere kvarandre i gode og vonde dagar. Dette er til det beste for den einskilde, familien og orden i samfunnet. «For Gud vår Skapars åsyn» høgdar bryllaupet og bryllaupsf­esten til andre dimensjona­r enn det ein kan sjå. Derfor bør vi ikkje som samfunn gå glipp av den tredje dimensjone­n ved inngåing av ekteskap – for Gud vår Skapars åsyn.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway